Søndag 24. mar 2024 kl. 17:00

AUROM TRIO m/gjest Per Jørgensen

Vossa Jazz / Vangskyrkja
Voss

Folkesongarane i Aurom skal leika seg mellom det nye og det gamle i Vangskyrkja. Dei tre vokalistane brukar tradisjonssongar, nye songar, og sjeldan finjustert samklang til å skapa sitt tidlause musikalske uttrykk. Det er alltid eit snev av improvisasjon i musikken deira, som hentar stemninga si frå spennet mellom det stille og skjøre, og det intense og ekspressive.

Trioen er sett saman av Malin Alander, Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Guro Utne Salvesen. Dei debuterte med albumet “Utan å dirre” i 2021, som vart nominert til Folkelarmprisen i Åpen klasse. Året etter skreiv dei, i samarbeid med komponist Ida Agnes Pettersen og forfattar Agnes Ravatn, tingingsverket “O, svage sind” til Førdefestivalen. I år kjem det nemde tingingsverket ut som album.

Med seg som gjest har dei den allsidige trompetisten Per Jørgensen, som har vore aktiv på jazz-scena i nærare 50 år. Han vart tildelt Vossa Jazz-prisen i 1991 og Buddyprisen i 1995, og har mellom anna spelt saman med musikarar som Marilyn Mazur, Kari Bremnes, Berit Opheim og Terje Isungset, for å nemna nokre.

Musikarar:

Malin Alander – vokal
Ingebjørg Lognvik Reinholdt – vokal
Guro Utne Salvesen – vokal
Per Jørgensen – trompet, vokal, perk

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev