Lørdag 09. mar 2024 kl. 20:00

A Tonic for the Troops

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Energisk, melodisk, straight, fritt, swingande, intenst, høgt og lavt: A tonic for the troops blandar alle desse ingrediensane i ein og same drink og er ei vitamininnsprøytning i jazzkvartettform.
Brekken har samla saman ein tropp svært aktive utøvarar med ein fot i den amerikanske tradisjonen og ein i den meir moderne europeiske jazzen, som angrip musikken med både fart og finesse. Brekken leiar oss gjennom unisone riff, raske løp, rolige landskap og leiken rytmikk og er eit sonisk bakhaldsangrep i ein moderne mainstream-tradisjon. Debutplata «Ambush» kom ut på jazzlabelen Odin i april 2021 til strålande kritikkar! Plate nr 2, «Realm of Opportunities», kom i oktober 2023!
«…bandet låter så velformulert at jeg må pusse det ordet litt ekstra.» jazzinorge.no
«Det kokar på alle plater i dette kjøkkenet fra første takt, på eit album som på alle måtar kjennest herleg frittgåande» Dag og tid

Fire strålande musikarar utgjer dette bandet! Ellen Brekken er kanskje mest kjent som bassisten i Hedvig Mollestad Trio, men ho har og lang fartstid som bassist i fleire andre band/konstellasjonar, saman med ei lang rekkje av kjende norske jazzartistar. Ho har brei utdanning og har fått fleire utnemningar og prisar. Espen Berg fekk publikum oppleva i ein vakker konsert med Hildegunn Øiseth Quartet under Stord Jazzfest 2023. Ein av dei dyktigaste pianistane som har entra jazzscenen på Stord! Magnus Sefaniassen Eide blir karakterisert som goove-meister på trommer, og Magnus Bakken, med studietid i Statane, trakterer saksofonen på ein frisk, energisk og kreativ måte.

Magnus Bakken – saksofonar
Espen Berg – piano
Magnus Sefaniassen Eide – trommer
Ellen Brekken – kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev