Vossa Jazz - fredag 23. mars 2018

Vossa Jazz sår nye frø denne våren óg

Nærkontakt med norsk jazzhistorie og årets største kinooppleving på Vossajazz sin første dag.

Første vårdagen på Voss. Snøen smeltar, sola går ikkje ned før Dagsrevyen byrjar og Vossa Jazz sår musikalske frø i år óg. Ikkje mindre enn åtte konsertar er anten tingingsverk eller premiere, men den 45. utgåva av Vossa Jazz starta godt planta i norsk jazzhistorie. Sjølvaste Jan Erik Vold opna: “Sjølvaste og sjølvaste, fru blom” før det nyskrive diktet stilte spørsmålet “Hva er det jazzen har, som ikke-jazzen iblant mangler?” (Les diktet her). Etter Vold sine kloke svar, svarte musikken sjølv.

Då Vossa Jazz i 1990 tinga musikk frå Arild Andersen, leverte han Sagn. Den legendariske plata med Kirsten Bråten Berg er konsentrert Vossajazz, som har ein heim både i folkemusikken og jazzen. På opningskvelden 2018 er Arild Andersen Kvartett i jazzheimen. På Masqualero-låta Venise kokar saksofonist Marius Neset og pianist Helge Lien over – Gard Nilssen skrur ikkje ned plata. Ingen kan sparke frå seg som Gard! Å vere nær av så mykje jazzhistorie, så mykje musikk i ein person er sterkt. Arild Andersen sin tone er ein institusjon i seg sjølv, og bak alle effektane er det den som er råvara – tonen ligg i fingrane og leiar oss trygt gjennom ballader på djupna og forrykande “up tempo”, som han sa det sjølv.
Saka held fram under bildet.
Olavi Louhivuori (foto: Ådne Dyrnesli/Vossa Jazz)

Olavi Louhivuori sitt tingingsverk “Net of Indra” møtte utfordringar då saksofonist Juhani Aaltonen skada armen i innspurten. I staden for å stå med skjegget i postkassa, tok supervikar og supermann Trygve Seim med seg skjegg og saksofonar til Voss. Med gitarist Jakob Bro (som forresten gav ut ei nydelig plate i går!) og endå ein ikonisk basstone i Palle Danielsson, vart Louhivuori sitt “Net of Indra” likevel realisert. Alle fire er fantastiske musikarar, og når kvar enkelt spelte aleine var det ein nytelse. Men opplevinga vart dessverre prega av litt usikkerheit denne kvelden – ein kunne høyre kva Olavi ville, og eg håper å høyre “Net of Indra” når dei har fått litt betre ro i prosjektet. Eit høgdepunkt var likevel den vesle etyda sånn midt i, unisont mellom Seim og Bro – høyrer gjerne den duoplata!
Saka held fram under bildet.

Mary Halvorsen (foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

Når Mary Halvorsen’s Code Girl sette i gong oppe på Café Stationen vart dei fort akkompagnert av ekstatiske tilrop – trompetfantom Ambrose Akinmusire blåste ut festivalens raffaste kor i samspel med Mary og baklengspedalen allereie på første låt. Mary Halvorsen sitt uredde tonespråk gjer ho til ein av dei mest kreative gitaristane både i jazz og fri-impro. Med X-faktoren Amirtha Kidambi og punchbassist Michael Formanek er Code Girl ei perfekt samansetning. Eg vil ha meir!

Kveldens klare høgdepunkt var mi hittil beste kinooppleving – Skadedyr med Anders Røine på Gamlekinoen. Tingingsverket Mutationes Tempestas, skrive av pianist Anja Lauvdal, trommis Hans Hulbækmo, tubaist Heida Mobeck og Anders Røine, opnar med kvedar Anders Røine sin deilig skeive tonalitet og blir unison med ein like skeiv synth frå Lauvdal og slidegitar. Og når alle tretten tek laust blir vi måka over med eit av dei underlegaste storbanda vi har. Eg får ikkje plass i ein roman til alle assosiasjonane dei fekk plass til i løpet av eit minutt. “Sjangeroverskridande” blir eit fattig ord. Noko av det heilt unike i dette uttrykket er at kvart element, kvar sjangerknagg, får vere seg sjølv i heilskapen. Det er ikkje jazza folkemusikk, det er ikkje forfina – det er råsaft. Vi håper på plate og fleire konsertar – Skadedyr og Anders Røine må opplevast. Tretten munnharper på ein gong er forresten den råaste lyden på lange tider!
Saka held fram under bildet.

Skadedyr & Anders Røine (foto: Amalie Johannessen/Vossa Jazz)

Kvelden vart, iallefall for underteikna, avslutta med nysoul-stjerneskotet Charlotte Dos Santos. Eg tek av meg hatten for at dei klarte å levere dei særs sterke låtane frå den knallsterke debutplata Cleo trass i at ein stor del av publikum openbart har lært seg å kviskre i eit helikopter. Som Jan Erik Vold sa under opninga: “Jazz handler om folkeskikk også”. Det er berre å kome seg på ein av dei mange konsertane med Charlotte Dos Santos i år!

Eg har høge forventningar til dag nummer to, som allereie er godt i gang. Det er ganske utrulig kor mykje musikk vi har hausta frå Vossa Jazz!

 Torkjell Hovland

Fra forsiden

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Nyhet

Bestillingsverk fra Krogstad

Saksofonist Mona Krogstad vil formidle håp og ettertanke i bestillingsverket Serenity Now på Kongsberg Jazzfestival lørdag 6. juli.

Meld deg på vårt nyhetsbrev