"Wolf Valley" cover
Eyolf Dale
"Wolf Valley"
Edition Records

Ulvesommar

PLATE: Eyolf Dale legg lista høgt med knallsterk oktett.

I det siste har det slått meg kor mykje førsteinntrykket har å bety når eg lyttar til ei plate for første gang. Det første minuttet av set stemninga og legg grunnlaget for kva for kjensler og assosiasjonar som dukkar opp og spelar på kvarandre på godt og vondt gjennom resten av plata.

Eit minutt ut i Wolf Valley, pianist, komponist og bandleiar Eyolf Dales siste verk, veit at du kan senke skuldrane og nyte det som kjem vidare. Ein sløy groove, perfekt finjustert av trommeslagar Gard Nilssen, legg grunnlaget for den deilige komposisjonen «Furet» – ein halvmelankolsk, vuggande sak, med ein melodi som overraskar akkurat nok til at du vil lytte ein gang til så snart den er ferdig. Låta har eit blues-aktig tilsnitt og under pianokoret til Dale går tankane til Brad Mehldaus epos Highway Rider for nokre år tilbake. Dale syner mange av dei same kvalitetane både som komponist, arrangør og pianist.

For her er mykje finesse og lekre oppbyggingar og vendingar, og ein høyrer godt at Dale har tatt seg tid til å jobbe med detaljar, finne ut av rytmiske figurar og overgangar mellom ulike passasjer Dei ulike elementa som dukkar opp i låtane har ein tendens til å berre finne saman før du veit ordet av det, og som ulike lag i eit perfekt måleri kjennest det ut som det alltid har vore, og burde vere, slik når alle brikkane er på plass.

Men det er ikkje berre skånsom, silkemjuk perfeksjon. Dale skriv gripande og engasjerande musikk og har valt ut ei god samansetning av norske jazzmusikarar som klarar fint å rufse det til der det trengs. Samklangen mellom blåserekka (med André Roligheten på saxofon og klarinett, Hayden Powell på trompet og Kristoffer Kompen på trombone) og fiolinist Adrian Løseth Waade er dødsfint. Og det same kan ein seie om kombinasjonen av Dales piano og vibrafonen to Rob Waring.

Utrykket og intensiteten er godt variert gjennom albumet, og Dales beste eigenskapar kjem godt til sin rett. Han er ein seriøs musiker som alltid har eit smil på lur. Slik kjennest det også når den langsame, sarte og fyldige låta «Shostachoral» går over i den leikne imitasjonen som dukkar opp i låta med den mest corny tittelen: «Ban Joe». Det er høgverdig og herleg upretensiøst nesten heilt samtidig. Og i tillegg er det veldig artig, og fint, å høyre Dale imitere ein banjo med pianoet.

Albumtittelen er vel også eit slags ordspel på Dales eige namn. Kombinert med vinterskog på coveret får det heile ei typisk, nordisk innpakking. Men musikken har mykje amerikansk over seg og kan i like stor grad kjennast urban. Uttrykket harmonerer dessutan like fint med varm sommar som kjøleg vinter. Men først og fremst er her ei rekkje av låtar som står heilt fint nakne, utan innpakking.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev