Serendipfestivalen - Kulturhuset, 16. februar 2019

Serendip er ei eksklusiv førehandsvising

Serendip-publikummet fekk ei eksklusiv førehandsvising av det neste store denne helga. De andre kan berre gle dykk. 2019-festivalen er gjennomført og studentane i arrangementskomiteen kan gi seg sjølv toppkarakter!

For jazzstudentane ved NMH er arrangeringa av Serendip-festivalen eit fag. Men eg kan ikkje skjøne noko anna enn at det er andre ting enn studiepoeng som motiverer denne gjengen. Dei har klart å lage eit sterkt, variert program, ei varm og god atmosfære og ein imponerande stram logistikk. Og igjen – ved å halde festivalen på Kulturhuset (i hovudsak), unngår ein at dette blir ein intern studentfest, men ein hipp musikkfest for alle.

Kanskje for å nullstille øyrene våre etter fredagen opna siste Serendipkvelden med dronegruppa Milkdrone. Kvartetten skapte eit komplekst lydbilete som i all sin elektronikk lét særs organisk. Mest vellukka var denne musikken då beaten vart lagt på lydlandskapet. Videokunsten var også her spesielt interessant. Den stod fint som eit uttrykk i seg sjølv og hadde fungert like godt på tven heime i stova – med lydsporet frå Milkdrone.

Som så mange andre av banda på festivalen var Passe Planta eit eksamensband. Denne gongen skulle vi til bassist Henrik Sandstad Dalen si leikegrind. I sitt naivistiske, leikne uttrykk fekk eg assosiasjonar til Jack DeJohnette sitt “Third World Anthem”. Kanskje var det den enormt kule effekten av to semi-unisone sopransaksofonar – det skar så flott. Eit av dei tøffaste augeblikka var duo-partiet deira med klapping som komp – preach!
Den trommelause kvintetten mante fram ein illusjon av ein trommis gjennom den stødige grooven. Dalen har eit herleg respektlaust forhold til musikken som berre gjer at kjernen virkar meir ærleg, noko som syner seg både i komposisjonar og improvisasjonar. Eg gler meg til plata!
Saka held fram under bildet.


Bang Bang Watergun, fra venstre: Ask Vatn Strøm, Ragnhild Moan og Erlend Tredal. Foto: Amanda Iversen Orlich

Bang Bang Watergun leverte kanskje eit av festivalens mest dansbare sett, ikledd blå 80-tals joggedressar – Fretex-disco. Dansbare hits og eit smilande optimistisk uttrykk. I fotspora til band som Broen og Pom Poko skulle ein tru at Bang Bang Watergun vil bli å sjå på lister og festivalar framover. Med vokalist Ragnhild Moan som greip publikum, telecastermoroa til Ask Vatn Strøm og det norske svaret på Knower-bassist Sam Wilkes, Erlend Tredal, var dette eit perfekt liveband! Soloen til Strøm på avslutningslåta gjorde heile settet for meg.

Trommeslagar Rina Sitvatha sitt eksperiment bygde seg opp frå skrangling til vakre harmoniske landskap – evolusjonsmusikk. Inn i mellom kunne landskapet minne om Khruangbin sitt ekkokammersound. Kai Von der Lippe hadde eit spesielt kreativt spel, og klarer å skilje seg ut i synthjungelen med noko så sjeldant som ein særeigen synthstil! Musikken eg høyrde her vil for alltid vere umogleg å skilje frå Thor Merlins maleriske videokunst – hypnotiserande. Eg tok meg sjølv i å måpe til bileta som oppstod på lysveggen. Eg skulle gjerne hatt eit av dei i stova!

Første band nede på Hovedscenen var Kanaan. Dei slepte debutalbumet Windborne i fjor – ein retrofest av ein rocketrio. Tankane gjekk fort til Bushmans Revenge. Kanskje ikkje spot on, men det er noko med jazzlinjerock… Kanaan sitt uttrykk er dansbart, men med ein mørk, melankolsk undertone. Merkverdig deilig. Trommeslagar Ingvald André Vassbø bølga seg gjennom evige brekk, og bassist Eskild Myrvoll dreiv toget. Og igjen var Ask Vatn Strøm eit gledelig nytt bekjentskap – gitarheltrocken vi får på slutten av tungriffet “The Groke” (Hufsa) var ei sann glede å vere vitne til!
Saka held fram under bildet.


Martin Myhre Olsen. Foto: Amanda Iversen Orlich

Framfor det raude velurbakteppet, og med ein etterkvart full sal, fekk Wako-konserten eit New York-preg. Village Vanguard. Kvartetten opna 2019-turneen sin på Serendip med si tredje plate i kofferten – Urolige Sinn. Dette er alle fire framifrå solistar og innfrir frå første kor. Pianist Kjetil André Mulelid bevegar seg rundt same motiv og stammar til han til slutt kjem i mål forløysande. Han har ein enorm rytmisk kreativitet. Martin Myhre Olsen er nok ein av dei råaste saksofonistane på den norske jazzscena om dagen. Kora hans er sjokkerande virtuost og songbart på same tid. Eit av høgdepunkta er den Rahsaan Roland Kirk-aktige gospel-leiken. Amen! Med trommeslagar Simon Olderskog Albertsen sitt store lydrepertoar og Bárður Reinert Poulsen sitt “sånn jazz du kan knipse til”-spel er denne kvartetten komplett.

Om noko kunne kallast headlinerar på Serendip var det nok avslutningsbandet Fieh. Dei vann heilt fortent Osloprisen for årets konsert 2018 for Øyakonserten. No var lokalet fullstendig stappa – det kokte. Og Sofie Tollefsbøl veit å gripe alle med sin vanvittige karisma. Det var allsong på hitsa og gauling til samtlige kor. Bandet blir berre tightare og tightare – Ola Øverby har loctite på den insisterande hi-haten sin.
Vikar for keys-mann Edvard Synnes var ingen ringare enn Andreas Ulvo, og han såg ut til å kose seg. Peak jazzyoutube-generasjonen på synthkoret mot slutten der. Noregs nye soulgitarkonge Jørgen Kasbo leverte nok eit fullstendig rått kor på “We grew up here”. No må den førsteplata snart kome!
Sjølvaste festivalsjefen, Ingrid Skåland Lia gjesta med sopransaksofon på sistelåta og gav ein deilig vestkyst-vibb til uttrykket. Det vart sjefens sjuande konsert under festivalen! (Bookingkomiteen var uavhengig, altså)

Klubb-programmet heldt etter seiande festen gåande med Noisebois, Theropods og DJ MiM til langt på natt. Eg håper arrangørane tok seg ein velfortent nattdans, for jøje meg – dette var ein godt gjennomført festival!

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev