Serendip - NMH, 12. februar 2020

Oslos hippaste jazzfestival er i gang!

“Eg såg dei på ei lita klubbscene for mange år sidan – før det var mainstream, liksom” – om du vil bli den personen – gå på Serendip.

Serendip har blitt eit årleg høgdepunkt. Jazzlinja på NMH sin festival, der du får eit tverrsnitt av kva som blir det neste og får eit innblikk i eksperimenteringa i øveromma.

Festen starta med lunsjkonsert i kantina på NMH med gitartrioen Røv Mølle og Birte Slettevoll. Røv Mølle er visstnok “din lokale kraftfôrleverandør på Nordmøre og i Romsdal”. Dei produserer “fôr av god kvalitet til drøvtyggarar” – parallellen til rockjazztrioen er openbar. Kontrabassist Håkon Huldt-Nystrøm sine muskelrocka riff koplar seg på trommeslagar Frank Hannasvik sin groove, medan gitarist Cornelis Odegard Risberg fabulerte over. Dei tre oste speleglede og vi fekk gode doser med humor og til og med litt poesi. Skal tru kor vi ser desse tre neste gong.

Vokalist Birte Slettevoll hadde i tillegg til flygel med seg nyleg spellemannsnominerte Helga Myhr på hardingfele, Nora Hannisdal på horn og Øystein Skjelstad Østensen på kontrabass – ei særs iøyrefallande instrumentering. Dette var, i god Serendip-stil, første gong denne musikken vart framført for publikum. Slettevoll sine personlege, direkte og ærlege tekstar på Volda-dialekt vart bært fram av eit spesielt sårbart melodisk og harmonisk landskap, med ekko av musikk som Christian Wallumrød Ensemble eller Susanne Sundfør.


Serendip Adhoc. Foto: Hedda Hammer Myhre 

Tilbake i Levinsalen på kvelden var det “Serendip Adhoc” som stod i programmet. Eit improband sett saman for festivalen, one time only. Slike band oppsummererer jo eigentleg det mest spennande med Serendip – heilt fersk, rå, kanskje uferdig, men desto meir nysgjerrig musikk. Saksofonist Sigrid Afret leia den meir eller mindre styrte improvisasjonen gjennom lyttande landskap. Ekstra spennande med Jonathan Sandqvist på fagott – andre gong eg ser fagott i improsamanheng i 2020, det er tydelegvis det nye – eg likar det.

Før bass&tromme-duoen Slagg med Giuseppe Pisano på modulærsynth gjekk på scena vart det delt ut øreproppar. Dei starta med eit smell, og heldt seg i det. Gjennom settet leita Pisano og bassist Simen Wie etter nyansane i smellet, og utforska detaljar i låge frekvensar. Jomar Jeppsson Søvik kom med hardtslåande, presise utbrudd frå trommesettet, litt slik Jarle Vespestad spelte med Supersilent.


Simen Wie i Slagg. Foto: Hedda Hammer Myhre

Til slutt fekk vi Tevje trio, som hadde fått med seg ingen ringare enn Atle Nymo på saksofon. Det gode gamle jazz-handverket lev i beste velgåande parallelt med den evige utvidinga av jazzomgrepet. Dei tolka mellom anna Wayne Shorter-låtar saman med sine eigne. Tevje Flugstad Flaate hadde ein kjenslefull touch på gitaren og bassist Haakon Huldt-Nystrøm sparka frå seg med nokre rimeleg frekke, virtuose bass-soloar. Det blir openbart arbeida hardt på denne skulen.


Atle Nymo og Tevje Fjugstad Flaate. Foto: Hedda Hammer Myhre

Skulle ein trekke noko frå karakteren denne kvelden, så var det at med ei halvtimes pause mellom konsertane ikkje var lagt opp til noko servering eller ein stad som var naturleg å “henge” medan ein venta. Ein vart litt utolmodig. Men så tek ein jo kraftig igjen den stemninga når Serendip tek over Kulturhuset imorgon og laurdag!

Allereie på dag ein har eg blitt kjent med nye, ukjente musikarar, slik at eg kan seie “Ja, såg faktisk han/ho med den og den tilbake i 2020…før det var mainstream liksom.”

Dag 2 er allereie godt i gong med Ester/Astrid 1615, Marie F. Lemme 1700 og NMH-storbandet 1800. Fredag og laurdag er fullstappa med ny musikk på Kulturhuset…og alt er gratis – kom deg av garde!

Heile programmet ligg her. 

 

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev