Sildajazz - 11. august 2023

– Gi dei heile natta

Neste år gir vi Andreas Røysum Party Ensemble heile natta. Og Kim Myhr med Kitchen Orchestra fortener ei innspeling.

Av Torkjell Hovland

Ein burde oftare ta båt til konsert. Det satte seg liksom ekstra solid i minnet, besøket på Vibrandsøy med festivalartist Paal Nilssen Love Circus. Eigentleg skulle konserten vere inne i eit sjøhuset. Men båten var blitt så tynga utstyret på fleire tonn, inkludert gong-gongar, at dei ikkje kunne legge til på den kaia. Difor vart det ein utandørskonsert framfor ein rå betongvegg.

Men det var jo perfekt! For det første såg det heilt rått ut, men viktigast av alt var at det kanskje var den beste utandørslyden eg har høyrt. Og så var det jo enklare for måsane å bli med i klangen.

Eller for bia som plagde Nilssen-Love vart, og som fekk eit lydspor i trekkspelet til Kalle Moberg. Moberg og stemmeakrobat Juliana Venter leverte forresten dei mest levande augeblikka i samspel der dei nærma seg kvarandre sine lydar. Ho gjekk frå teatralsk framførte tekstar, via stemningar som kunne minne om Portishead, til vilt fascinerande stemmekontroll.

Circus er sirkus. Her blir lystige, nesten korpsaktige, melodiar kjørt over av vilt energisk lydleik, og med kokande rytmer frå bassist Christian Meaas Svendsen og Nilssen-Love. I publikum var det ei fin blanding på tvers av aldrar og flokkar – og dei virka like begeistra alle i hop. Eg trur mykje av hemmeligheta ligg i båtturen. Vi delte denne opplevinga.


Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen.

Arild Andersen og Kirsten Bråten Berg var kanskje dei mest interessante kjeldene på Biblioteket i Stavanger. I biblioteksamtalen med Audun Vinger tidlegare på dagen, brukte Bråten Berg tid på å understreke kor viktig tekstane er for ho, og at det gjerne blir gløymt. Slik passa også bibliotekscena bra, her får tekstane nettopp fokuset.

Det lange samarbeidet mellom Andersen og Bråten Berg har ført til eit heilt spesielt intuitivt samspel som ikkje handlar om å blende, men eit samspel der Bråten Berg står sterkt i sitt uttrykk og Andersen i sitt.

Ornette Colemans Lonely Woman blir sett saman med Lill Lisa på finurleg vis. Men det litt overraskande høgdepunktet Den Skamløse Gamle Dame av Alf Cranner som Bråten Berg tidlegare har spelt inn på Syng du mi røyst. Denne vart heilt spesielt i rommet, med meisterleg enkel bassing.

«Skal du på Bill Stewart?»
Ja, det var kanskje mest slik eg høyrde konserten med Peter Bernstein/Larry Goldings/Bill Stewart omtalt rundt meg. Musikernes musiker er eit frase som er litt rart i jazzsamanheng, men trommeslagar Bill Stewart må kallast det.


Bill Stewart. Foto: Tommy Neverdal/Sildajazz

Og eg lot meg forhekse av Stewart frå første slag. Ingen swingar slik som han, ingen har ein slik touch og kreativt spel i rimelig streit jazzuttrykk. Han er heilhjarta tilstades same kor streit det går – og nettopp difor blir det aldri «streit».

Og det var eigentleg nok med Bill Stewart.

Først etterkvart lånte eg også øyret til Larry Goldings på Hammond B3. Han spelte inspirert og levande, og det var med moog-synthen og låta «Mr. Meagles» at konserten løfta seg. Som ein liten hyllest framførte trioen standardlåta «I Should Care», som visstnok er skrive av Axel Stordahl, født i USA av to norske immigrantar frå Stavanger.

Kanskje landets mest nysgjerrige «storband», Stavangers Kitchen Orchestra, hadde fått med seg Kim Myhr. Og dette var veldig Myhrsk frå første stund, og Kitchen Orchestra tilførte fargar frå ein vanvittig rik palett.

Øyvind Dales sylskarpe synthlyd i kombinasjon med blåserekka var ei sanseoppleving i seg sjølv. Og eit overraskande besøk av trommemaskin flytta meg langt fram på benkekanten. Signe Irene Time var både med akustisk vokal og elektronikk det som fascinerte meg aller mest.


Kim Myhr og Signe Irene Time. Foto: Grethe Nygaard/Sildajazz

Kim Myhr sine komposisjonar er både minimalistiske og maksimalistiske. Gjennom enkle, gjentagande tonar over lang tid, er likevel lydbiletet spekka med variasjonar og klangfargar. Nokre gongar var det som om slutt-akkorden frå ein konsert med eit digert soulorkester vart drege ut over ein time – ei heftig oppleving. Det er berre å sone ut.

Få dette verket på plate!

Når vi ut i frå dette maksimale lydrommet skulle bevege oss opp på mesaninen til Andreas Røysum Party Ensemble, var det som om det hang sammen. No skulle lydveggen brytast opp med heftige og frigjorte soul-låtar.

Det var som om vi var på ein heimefest i kollektivet. Med orkesteret utan oppmikking og Sofie Tollefsbøl med ein høg og tett bryllupsband-lyd i PA-en. Det er ekstra fett med soul-blåserekke heilt akustisk – det kokte frå opninga Hares On The Mountain, der saksofonist Marthe Lea løfta taket frå første kor.

Andreas Røysum veit å overvinne publikum der han vandra rundt i rommet. Han klarte til og med å kome med eit stikk til dei som prata som verst bakerst i lokalet, då han introduserte skotske «Barbry Ellen».

Sofie Tollefsbøl song, og det vart heilt, heilt stille i den godfulle festlyden. Gradvis kom eit og eit instrument til.

Enormt vakkert. Enormt.

Gjennom slike augeblikk vart publikum kasta rundt i stemningar frå Curtis Mayfield og Theme de Yoyo, og når dei avslutta med hyllest til Tristan Honsinger som nyleg gjekk bort var det fascinerande å sjå på blikka til publikum – kva skjedde no?

Røysum kom med eit hjertesukk over konsertformatet – dei skulle gjerne spelt heile natta. Det trur eg publikum også gjerne hadde ynskt seg.

Det er altså berre å møte opp på Oslojazz på fredag!

 

Fra forsiden

Soddjazz - 26. og 27. april 2024

Det er den Straumen

FESTIVAL: Dra til Inderøya og Soddjazz for en smak av en annen virkelighet.

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Meld deg på vårt nyhetsbrev