Sidiki Camara Group - Oslo World Music Festival, Comopolite, 05.11.16 cover
Sidiki Camara Group - Oslo World Music Festival, Comopolite, 05.11.16

FESTIVAL: Sidiki Camara har plukka frå øverste hylle av norske jazzmusikarar til sitt Oslo-band, men måtte drage mesteparten av lasset sjølv som oppvarming for Salif Keita.

At ein av dei leiande nolevande musikarane frå Mali er busett i Oslo er eit faktum som etter mitt syn får litt for lite merksemd. Sidiki Camara har ein glitrande CV som inkluderer namn som både Ali Farka Touré, Toumani Diabaté og Bill Frisell.
Oslo World Music Festival veit å setje pris på både lokale og globale heltar og gav Camara det ærefulle oppdraget det er å varme opp for sjølvaste Salif Keita på Cosmopolite laurdag kveld. Det er fett at ein av dei største stjernene frå det afrikanske kontinentet spelar på Torshov, og ein bra bonus at ein av hans landsmenn og ein musiker av eit slikt kaliber som Camara bur i området og får innleie det heile.

I bandet Sidiki Camara Group har han plukka ut det som burde vere ei ganske solid samling musikarar: Bendik Hofseth på saxofon, Jacob Young på gitar, Audun Erlien på bass og André Viervoll på tangentar. Laurdag kveld starta gruppa, litt som eg forventa, ganske roleg. Plata som kom ut i fjor, Nakan, har ganske nedpå stemning.
Likevel tok det ikkje lang tid før Erlien og Camara, som spelte både kora og ulike perkusjonsinstrument, fann saman i kvarandre og gradvis heva intensiteten. Saman var dei ei solid kjerne og dei viktigaste enerigkjeldene i rommet gjennom den knappe timen dei spelte.

Sidiki Camara Group (foto: Olav Opsvik)
Sidiki Camara Group (foto: Olav Opsvik)

Låtane til Camara er enkle og sofistikerte, med tette grooves og ukompliserte melodiar. Dermed ligg mykje av spenninga og framgangen i musikken i samspelet og den dynamiske utviklinga, i tillegg til kva kvar einskild musikar valde å skape utifrå det modale og repetative grunnlaget.
Diverre verka dei øvrige deltakarane ikkje like inspirerte som Camara og Erlien. Rett skal vere rett: Viervoll hadde eit fint kor i byrjinga, og også Young glimta til av og til. Og generelt som backing for Camara var gruppa deifintivt solid. Men likevel mangla der det som skal til av initativ og speleglede som kvar einskild utøvar på tilføre, både reint musikalsk og med sitt nærvære på scena. Særskild Hofseth blei som ein festbrems med eit stort sett apatisk uttrykk langt ut på sida av scena. Det er rett og slett latterleg å stå slik å sabotere medan bandleiaren gjer sitt ytste for å heve stemninga i salen.

Heldigvis kunne energien, musikaliteten og gliset til hovudpersonen i stor grad vege opp for dette, og stort sett trenge gjennom suset frå eit snakkesalig publikum slik at fleire og fleire slo seg laust og dansa etter kvart. Det var også lett å late seg smitte av gledja Erlien og Camara fann i kvarandre. Kanskje hadde det vore like greit å sjå dei to åleine? Camara er ein karismatisk og herleg musikar som eg gjerne ser på fleire scener i byen, men då helst med eit band som kan matche hans energi.
For dei fleste i salen blei nok oppvarmingsbandet raskt gløymd etter at Salif Keita og hans band hadde festa frå seg denne kvelden.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev