Maijazz - 8. mai 2019

Ekstrovert symfoni og introvert nostalgi

– Her er neste generasjons musikarar og publikum, sa festivalsjef Per Hasse Andersen då han ynskte velkommen til musikklinja sin jazzkonsert.

Festivalsjef Per Hasse Andersen understrekar viktigheita av samarbeidet med musikklinja på Stavanger Katedralskole som har vart sidan før dagens elevar var fødde. Under konserten i forestillingssalen på Bjergsted blir eg i stuss – er det ei jazzlinje? I alle høve har musikkelevane på Bjergsted eit drømmepensum, spør du meg iallefall.
Sterke, formidlande vokalistar, instrumentalistar framførte mellom anna Jazz Crimes av Joshua Redman, Precious av Esperanza Spalding, Maiysha av Miles Davis – og sjølvsagt musikklinjehitten Strasbourg st. Denis av Roy Hargrove. Der har du pedagogisk jazz!
Eg kan nesten garantere deg at nokre av musikarane frå rom tri null fira eller fira null åtta blir å sjå gradvis lenger oppe på plakaten på jazzfestivalar dei neste åra. Men det aller viktigaste eg tok med meg herfrå var publikumsrekrutteringa som festivalsjefen poengterte. Det handlar vel så mykje om å skape nye musikkfans som å nødvendigvis skape musikarar. Det er uansett gjennom å la ungdommane dyrke det dei “kickar” på i bobla si, at vi får både musikarar og publikum.
Maijazz var først ut her til lands til å booke Jacob Collier. I år har dei FIEH. Dei har heile vegen vore flinke til å ta med dei unge i programmeringa. Når musikklinjekonserten blir avslutta med ein stødig versjon av Snarky Puppy sin “Shofukan” til jubel i salen, tenkjer eg at Maijazz har gode år å sjå fram til.


Musikkelevar frå Stavanger Katedralskole. Foto Odd Opsahl Nielsen/Maijazz 

Kompleks teiknefilmsymfoni
Så kjekt var det, at eg gjekk glipp av starten til Marius Neset med Stavanger Symfoniorkester under leiing av Geoffrey Patterson. Zetlitz i Stavanger Konserthus er eit strålande rom. Det gir festivalopplevinga ein ekstra dimensjon å oppleve musikk i så forskjellige lokaler – frå det store konserthuset til den trange klubben. Vi treng å lytte frå ulike vinklar.
Marius Neset har tidlegare spelt med KORK og i 2016 gav Neset ut plata Snowmelt med London Sinfonietta. Tittelsporet “Snowmelt” fekk vi også høyre her, med Neset som tok fullstendig av på koret. Marius Neset må nesten ha eit symfoniorkester for å få plass til alt han vil seie. Frå polyrytmisk slåttespel og kompleks teiknefilm-musikk. Marius Neset har mellom anna gått i lære med Django Bates i København, noko som er tydeleg å høyre også på denne konserten. Det er leik og moro midt i all virtuositeten.
“Windless”, som opprinneleg er frå ein fløytekonsert, hadde fått eit særleg smakfullt arrangement som blir ståande som eit høgdepunkt. Her utnyttar Neset klangspekteret i orkesteret, noko som ikkje er ei selvfølge i andre typiske “in symphony”-prosjekt. Alt for ofte gløymer arrangørar kva som er mogleg i den lavaste dynamikken. Neset dyrkar dynamikken i SSO.
Under filmatiske “Math of Mars” slo det meg kor avgjerande lyden var for denne opplevinga. Lyden i Zetlitz var eksepsjonelt god, og fekk fram ein detaljrikdom, og samtidig eit samla klangbilete frå orkesteret og den hardtslåande jazzkvartetten. Forøvrig beståande av bassist Petter Eldh, trommeslagar Anton Eger og pianist Ivo Neame.


Marius Neset og Stavanger Symfoniorkester. Foto: Asgeir Ravndal/Maijazz

New York-jazzpop frå Bjerkreim
Eg rakk akkurat ein liten tur innom Hildegunn Gjedrem og hennar Voice on voice på Stavangeren. Med seg til denne konserten hadde ho eit stødig band med sterke lokale musikarar. Gjedrem har gjennom utdanninga si i Texas og New York fått ein klar amerikansk identitet i musikken sin. Mellom anna har ho sunge med musikarar i Snarky Puppy.
Gjedrem er ein presis vokalist med fascinerande teknisk kontroll, noko som er avgjerande for uttrykket hennar. Utan det, blir denne musikken fort uinteressant. Musikken gir meg kjapt assosiasjonar til songarar som Gretchen Parlato og Becca Stevens. Låtane er tydelege og eg ser for meg at potensialet er stort for ei evt. plateutgjeving med Voice on voice. Det er poppa jazz, eller jazza pop.
Eg synst eg høyrde noko om at elevane på musikklinja har ho som songpedagog inn i mellom – der er dei heldige.


Hildegunn Gjerdrem. Foto: Odd Opsahl Nielsen/Maijazz 

Monk på gitar
Thelonious Monk er ein av jazzhistoria sine merkelegaste og mest mytiske musikarar. Det er ingen før eller sidan som er som Monk. Den brooklyn-baserte gitaristen Miles Okazaki har dykka ned i Monk si verd og spelt inn den komplette katalogen til Monk, 70 spor vart det på albumet han kalla Work.
På eit halvfullt Spor 5 gjekk Okazaki rundt på scena med steg på to og fire. Som Monk swinga det heile vegen på innsida, medan tonane kunne bli kasta ut i alle slags tempi og tonespråk. Komposisjonane til Monk er så sterke i seg sjølv. Okazaki minte meg på kor absurd sterk “Crepuscule with Nelly” er.
Okazaki har sagt at han har vore oppteken av å ta tak i identiteten i komposisjonane sine og prøve å improvisere slik Monk ville gjort det. Til tider er det akkurat det han gjer – han går inn i improvisasjonane med eit nysgjerrig alt-er-lov-haldning. Som Okazaki sa, Monk var både sterkt tradisjonell og eksperimentell samtidig.
Det er noko deilig nerdete og frigjerande introvert over prosjektet. Og Work er blitt ei plate som gir meining som musikk i seg sjølv, ikkje berre akademisk. Men først og fremst gav konserten meg lyst å lytte meir til Monk igjen, kanskje med andre øyrer. Aleine.

I kveld er det mellom anna Berlin Trio, Vincent Peirani og Fieh – kom deg ut døra, Stavanger!

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev