"Eastern Smiles" cover
Hanna Paulsberg Concept
"Eastern Smiles"
Odin Records

Eit påliteleg konsept

PLATE: Hanna Paulsberg Concept er ein kvartett å rekne med i mange år framover, og tek heldigvis også grep og sjansar for å halde på vitaliteten med Eastern Smiles.

Når Hanna Paulsberg og sine tre medspelarar i hennar Concept no er ute med sin tredje langspelar har dei for lengst blitt ein kvartett å rekne med. Dei beviste lett med sine to føregåande utgjevingar, og fem-seks års turnéverksemd, at dei alle saman har ein del å fare med, og alle fire har også kvar for seg tatt sterke karrieresteg mot meir og meir sentrale posisjonar i det norske jazzlandskapet.

No er dei ikkje i like stor grad up-and-coming og i det eg tek føre meg ei tredjeplate kjenner eg at forventingane er ganske høge. Hanna Paulsberg har så lenge eg har kjent til ho vore ein smakfull utøvar, improvisatør og komponist, med melodisk teft og smart timing. I det ho køyrer i gang første (tittel)spor på Eastern Smiles er der liten grunn til å tru at ho på nokon måte skal skuffe på denne utgjevinga.

Tittelsporet er rett på sak, men ikkje forhasta, med eit lett melankolsk, smart og enkelt tema, avbrote av eit initiativrikt soloparti frå pianist Oscar Grönberg, som saman med trommeslagar Hans Hulbækmo og bassist Trygve Waldemar Fiske bygger opp intensiteten til Paulsbergs tur. Den seige grooven som blir etablert skapar mange sterke augneblink i løpet av nokre minutt og hentar også fram dei mest sentrale adjektiva eg kan tenke på i samband med denne gjengen: Det er trygt og stødig, med tradisjonelle referanserammer, men også ungt, friskt og leikent.

Likevel er ikkje tittelsporet på langt nær det sterkaste på plata. Nokre minutt seinare kjem «Ayumi», ein tungvektar av ei ballade med mykje sterkare karakter og eit delikat hovudtema. I eit noko lysare register blir det med eitt litt meir rå tone frå Paulsberg og eg vert fengsla av utviklinga. Gjennom heile plata har gruppa lagt seg på ein meir kompromisslaus stil i improvisasjonspartia, meir frikopla frå form og skjema i komposisjonane, og på «Ayumi» kjem dette særskild godt til sin rett under både Grönbergs og Paulsbergs passasjer.

Men kanskje er det også dette stilvalet som gjer at der vert ein viss ubalanse i gruppedynamikken på Eastern Smiles. Ein gjennomgåande tendens er at Hulbækmo og Grönberg set sterkare preg på låtane, og då særskild improvisasjonspartia, med hakket kvassare og meir uføreseielege vendingar enn Paulsberg og Fiske. Eg vil ikkje spekulere for mykje i kvifor dette skjer, utover å seie at eg synest det er litt synd, for eg veit at dei to sistnemnte kan sparke hardare frå seg enn dette, og eg vil gjerne høyre meir av kva dei har å by på.

Samtidig er eg glad for at Hanna Paulsberg Concept legg seg på ei noko meir spenstig linje med Eastern Smiles. Men eg vert også i strålande humør av det dansbare sisteporet, «Catalan boy», med eit barnlig tema og groove med klare hint av sør-afrika, og konstaterer at slike lette og leikne tema og groovy låtar, slik som «Hemulen» frå førre plate Song for Josia, kanskje er noko av det gruppa gjer aller best.

«Catalan boy» er enno betre enn «Hemulen», med ein Hulbækmo i storform, og Paulsbergs friskaste kor på plata. I slike format er dei utan tvil briljant. Og Hanna Paulsberg Concept må gjerne halde fram med å briljere. Men enno meir vil eg at dei skal halde fram med å presse seg sjølv og kvarandre mot nye høgder, slik dei har gjort med Easterm Smiles.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev