"Apokaluptein" cover
Live Maria Roggen
"Apokaluptein"
Kirkelig Kulturverksted

Angst for apokalypsa

PLATE: Live Maria Roggen er ambisiøs og uredd når ho grip an vonde tema på Apokaluptein. Lyttaren har ingen stad å gøyme seg.

I presseskrivet frå Kirkelig Kulturverksted heiter det at Live Maria Roggen «ville se noen ubehagelige sannheter i øynene, dvele ved dem og skrive om dem». Slik skapte ho det som har blitt albumet Apokaluptein, med ein serie musikkstykker som konfronterar lyttaren direkte både politisk, kroppsleg og emosjonelt.

Det verkar nok ambisiøst, men ein musikar av det kaliberet som Roggen må svært gjerne gå så høgt ut når ho først velsignar oss med ei utgjeving. Som jazzmusikar har ho så langt lukkast med å kombinere solid handverk, kunstnarleg finesse og folkeleg appell. Apokaluptein, som blei skrive som eit bestillingsverk til Vossajazz 2015, er ikkje akkurat eit publikumsfrieri. Her utfordrar Roggen både seg sjølv, sine medmusikantar og lyttaren til å møte dei vanskelegaste problemstillingane vi står ovanfor i desse dagar, som klimaendringar og flyktningkrise.

Timingen er god. Sidan fjoråret har flyktningkrisa og det politiske klimaet blitt enno meir spent, og Roggen er sikkert ikkje åleine om å kjenne på ei viss uro for tida som kjem, i tillegg til ein frustrasjon over vår eigen evne til skulle å bidra til løysingar. Men Apokaluptein er ikkje politisk propaganda eller eit manifest, sjølv om intensjonen og den overordna tematikken kjem frå politiske handlingar og strøymingar.

Det byrjar med Hilmar Jenssons spørrande gitarklangar og Roggens rolege, lett undrande stemme som skildrar ein noko uhandgripelig situasjon: «That short moment when everything became silent was almost beautiful. At the same time as it was horrible and strange». Måten ho les på understreker ynskjet om å kjenne på ubehaget, utan at det treng å vere aggressivt eller skrikande, og synar samtidig raskt at ho tek meir tak i (mellom)menneskelege kjensler enn politiske kamprop. Bassist og vokalist Sondre Meisfjord ropar nesten etter kvart som resten av gruppa buldrar avgarde i eit ulendt lydlandskap.

Andre låta, «I Will Not Move», held fram med Roggens rolege tekstlesing, men har elektroniske effektar og støy som gjer det heile enno mørkare. Andre låtar, som til dømes «Depend» kjennast meir trøystande, sjølv om melankolien er gjennomgåande. Hjå meg er dette kjensler som resonnerer godt med det ein kjenner på i møte med ein evig straum av urolegande nyhender. Roggens låtar er ettertenksame og balanserer mellom frustrasjon og berolegande, gyngande tema.

Ensemblet, som elles består av Eivind Lønning på trompet, cellist Lene Grenager og Audun Kleive på trommer, verkar godt inneforstått med retninga i Roggens komposisjonar, og ambivalensen og det milde ubehaget vert stødig formidla frå start til slutt, i ei rekke låtar som syner eit spenn av emosjonar knyta til tematikken; angst, sinne, sorg, frustrasjon og stille refleksjon. Det er godt gjort å lukkast med eit slikt prosjekt utan å ty til for mange klisjear. Med Apokaluptein er Roggen ærleg og konfronterande, men ikkje belærande.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Plateanmeldelse

NTT: Spiller til fløyta går

Henriette Eilertsen solodebuterer på fløyte, Håvard Wiik anbefaler solopianofavoritter og Kafé Hærverks Vegard Heskestad er oppgitt over Kulturrådet.

I.P.A. – Victoria Nasjonal Jazzscene, 16. september 2021

Bandet som har alt

Kvintetten gjør deg iallfall grundig bortskjemt.

Meld deg på vårt nyhetsbrev