Søndag 08. nov 2026 kl. 03:15

SOFUNK PÅ LARRIS

Sunnfjord Kulturskule/Jølster jazzklubb / Larris Scene, Scandic Sunnfjord
Førde

Sundag ettermiddag inviterar SoFunk – Sogn og Fjordane Ungdomsstorband til konsert på Larris Scene.
Her får du oppleve unge storbandmusikarar frå heile Sogn og Fjordane i samspel med instruktørar frå Bergen Big Band. Programmet byr på kjende storbandklassikarar, drivande rytmar og flott ensembleklang.
SoFunk er eit regionalt storband for ungdom mellom 13 og 19 år. Tilbodet samlar engasjerte musikarar frå kulturskulane i regionen til fordjuping i rytmisk musikk, samspel og improvisasjon.
På denne samlinga har bandet arbeidd saman med instruktørar frå Bergen Big Band:
Are Ovesen – trompet
Morten Norheim – saksofon
Kristine Solli Keller – trombone
Michael Barnes – dirigent og saksofon
Øyvind Skarbø – trommer og komp
SoFunk er støtta av Sparebankstiftinga DNB og Vestland fylkeskommune. Sunnfjord kulturskule organiserer og administrerer storbandet på vegner av kulturskulane i regionen.
Velkomen til ein ettermiddag med storbandmusikk framført av engasjerte og motiverte unge musikarar frå heile Sogn og Fjordane.

Pris:
250 for voksne - barn/unge gratis

Billetter blir berre selt ved inngangen.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev