I februar stiller huspianist Andreas Westermoen med sesongen sine handplukka (og kortreiste) musikarar og songarar – og ein bunke heilt nyskrivne notar.
Vårens konsept, «Jazz Birds», er ein konsert som flyg både høgt og lågt saman med turtelduer, nattugler og trekkfuglar. Vi svevar gjennom fleire byar, stikk gjerne ein tur innom Birdland, og lengtar etter våren undervegs.
Paul Fawcus er med i rolla som «Bird» (Charlie Parker), men denne gongen handlar det aller mest om dei to dyktige songfuglane Camilla Myhrer-Næss og Solveig Westermoen. Inspirerte av vokalgrupper som Lambert, Hendricks & Ross og Manhattan Transfer, byr vi på nyframføringar fulle av harmoni og vokalakrobatikk. Med ein syngande pianist på tredjestemma – og eit stødig komp som sørgjer for både stabilitet og bakkekontakt – ligg alt til rette for ei luftig, leiken og samstundes jordnær jazzoppleving. Hyggelege er dei også!
Ikkje ver ein gjøk – kom og høyr på Jazz Birds!
Jazz Birds:
Camilla Myhrer-Næss – vokal
Solveig Westermoen – vokal
Andreas Westermoen – vokal og piano
Paul Fawcus – sax, fløyte, klarinett
Jon-Inge Paulsen – bass
Jan Tore Næss – trommer og perkusjon
Velkomen til ein kveld med jazz i fritt fugleflukt!