Lørdag 06. sep 2025 kl. 14:00

Equinor Storband med Tor Yttredal

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Equinor Storband blei stifta i mars 1991 og har etablert seg som eit av dei største storbanda i Stavanger-regionen, med utvida blåserekkjer og vokalistar. Medlemene er alle tilknytt energiselskapet, og storbandet er eit populært velferdstilbod for tilsette ved hovudkontoret i Stavanger. Storbandet deltar jamleg på jazzfestivalar, både lokalt og i utlandet.

Bandet sin faste dirigent sidan 2016 er saksofonisten Tor Yttredal, opphaveleg frå Stord og til dagleg tilsett som professor i jazz ved Universitet i Stavanger. Gjennom den kyndige leiinga hans har bandet utvikla ein eigen sound inspirert av dei store storbandleiarane.  

Konserten vil ta publikum med på ei reise frå New Orleans til Vestlandet, inkludert ei rekkje omvegar som spenner frå rolege balladar til arrangement med heftige rytmar og topp solistar!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev