Torsdag 15. jun 2023 kl. 21:00

Thomas Gansch & Bergen Big Band spiller Don Ellis!

Bergen Big Band / Sardinen Usf
Bergen

Torsdag 15. juni blir ein kveld med høgoktan storbandmusikk når Bergen Big Band slår seg saman med den austerrikske stjernetrompetisten Thomas Gansch i ein hyllest til Don Ellis!

Då komponist, bandleiar og trompetist Don Ellis gjekk bort i 1978, berre 44 år gammal, hadde han rokke å gi ut 13 plater under eige namn i tillegg til å samarbeide med namn som Charles Mingus, George Russell, Frank Zappa og Maynard Ferguson, samt å vinne Grammy for filmmusikken sin til «The French Connection». Han var ein innovatør i storbandmusikken og vidareførte arva etter bandleiarar som Duke Ellington og Stan Kenton ved å dra heilt nye element inn i formatet.
Musikken hentar inspirasjon frå mellom anna bulgarsk, indisk og gresk folkemusikk, ofte i skeive taktartar og med innslag av utradisjonelt tonespråk. Groovy, energisk og virtuost!

Verdsstjerna Thomas Gansch er kanskje mest kjent som grunnleggar og frontfigur i Mnozil Brass, som sidan starten i 1992 har fylt konsertsalar verda rundt med sine sjangeroverskridande show. Han har vore medlem av Vienna Art Orchestra, ministorbandet Gansch & Roses, impro-duoen Gansch & Breinschmid og er ein ettertrakta solist. Fellesnemnarar for alt han gjer er virtuositet, sjangerbredde, humor og ein passeleg dose musikalsk galskap.

Saman med Vestlandets jazzmusikalske flaggskip, Bergen Big Band, blir dette ein sommarkveld du seint vil gløyme!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev