Fredag 24. mar 2023 kl. 21:00

NILS ØKLAND & SIGBJØRN APELAND

Bergen Jazzforum / Vestnorsk Jazzsenter / Sardinen Usf
Bergen

Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, i det meir jazzrelaterte er 1982, Nils Økland Band og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.

Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.

Dører kl. 20:00, konsertstart kl. 21:00

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev