Ukas Jazzprofil

UKAS JAZZPROFIL: Øyvind Skarbø

– Ingebrigt og eg begynte å drodle for 5–6 år sidan. Jeff Parker hadde tidlegare spelt i Ingebrigt sitt band, og er ein av mine favorittar, forteller Øyvind Skarbø om det nye bandet Superless, som slapp plate 3. november. Trommeslageren jobber også med et nytt ensemble som heter Telehiv, lager musikk for barn og unge, driver Skarbø Skulekorps, plateselskap og mer.

I spalten Ukas Jazzprofil presenterer Jazzinorge.no en aktuell musiker, arrangør, storband eller annen jazzaktør. Har du tips, send oss gjerne en epost.

Øyvind Skarbø

Hei Øyvind, hvordan går det med deg?
– Det går greit, etter forholda. Det kjennes unektelig litt rart å snakke om eiga karriere, samtidig som det strømmer inn opprørande bilder frå Gaza. Men på det personlege plan har eg nettopp begynt å spele igjen, etter å ha vore sjukmeldt for første gong. Eg ramla under ein løpetur på Ulriken, og slo albuen ut av ledd.

Nytt band og ny plate, gratulerer! Superless ble gitt ut 3. november og dere turnerer i Norge og Europa uken etter. Kan du fortelle oss om prosjektet? Hvordan møttes dere?
– Ingebrigt og eg begynte å drodle for 5–6 år sidan. Jeff Parker hadde tidlegare spelt i Ingebrigt sitt band, og er ein av mine favorittar. Så skulle vi i utgangspunktet til Los Angeles for å spele inn, men det kokte vekk. I mellomtida fann vi ut at tre var litt knapt, så vi fikk med Eirik Hegdal, noko vi ikkje akkurat har angra på. Han har tross alt skreve det meste av musikken. Vi fikk Jeff til Bergen, gjorde ein konsert på Nattjazz og gikk i studio like etterpå.

Du har nylig begynt å gi ut musikk på ditt eget plateselskap igjen, etter 9 års pause. Hvordan er det å sette i gang med det igjen?
– Eg har alltid vore involvert i dei fleste ledd i utgivelsane mine, så eg tenkte eg kan like så godt gjere dei siste tinga også. Eg liker å ha kontrollen, sleppe å vente på andre. Det krevst liksom ikkje så mykje kreativitet eller kjærlighet å få ei plate på Spotify. Det handlar egentlig mest om å lage ei liste over kva konkrete, tørre administrative oppgåver som må til, og så gjennomføre. Klart, Øyvind Jazzforum er mindre synlig enn til dømes Hubro. Eg får færre anmeldelsar og sånn. Men for å vere heilt ærleg så har eg slutta å bry meg. Det viktigste for meg er at musikken blir så bra som mulig. Så markedsfører eg etter beste evne, og utover det får det stå til.

Du har jo ditt eget «Skulekorps» også. Har du en forkjærlighet for korps? Riktignok et originalt korps. Hvor ellers henter du inspirasjon?
– Skarbø Skulekorps er ein veldig viktig arena for meg. Som komponist, produsent, trommeslager. Idéen har heile vegen vore å hente inspirasjon frå absolutt alle kantar, heilt uhemma, og blande det sammen. I vår slapp vi vår tredje plate, Innesko, og vi kjem til å spele ei rekke konsertar neste år.

I tillegg jobber du med musikk for barn og unge. Prosjektet Psst! som har fremført på utallige festivaler, skoler og Den Nationale Scene i Bergen. Og nå nytt album med andre musikere, Hest i Huset. Kan du fortelle om prosjektene? Og hvordan er det å jobbe med musikk og forestillinger for barn og unge?
– Eg starta tidlig å utvikle prosjekt for barn. Det er givande; både den direkte kontakta med opne barn – og økonomisk også for så vidt. Det er ein fin arena for å få brukt den leikne og absurde sida. Psst! er ei konsertforestilling laga i samarbeid med Øyvind Hegg-Lunde og illustratør Fredrik Rysjedal. Vi har framført den masse, mykje meir enn eg vanlegvis er komfortabel med. Men den er slitesterk. Så vi klare liksom aldri å legge den heilt vekk.
Hest i huset er eit nytt prosjekt eg vart invitert med i. Elisabeth Vannebo har laga virkelig flott musikk til dikt av Gustav Lorentzen. Sjølvaste Tone Hulbækmo og Spellemann-grossist Christine Sandtorv er også med. Ein veldig artig gjeng å vere med.

Behold the most pointless release I have heard all year long. 1/10” er kanskje et kjent sitat for deg? Om en solo plate du ga ut i 2012. Hvordan klarte du frustrere denne kritikeren i så stor grad? Og hvordan ser du tilbake på dette nå?
– Hehe, vel, dette var ei plate for solo trommer, som nok bar preg av at eg var på leit. Dei fleste stykka var temmelig cerebrale og konseptuelle. I dag let eg i større grad intuisjonen styre. Kresten Osgood er også med på eit spor. Vi gjorde rundt 10 duokonsertar på denne tida. Dette var heilt på tampen av ein lang fase med nesten utelukkande friimpro for meg. Av ulike grunnar skifta eg rett etter dette litt fokus, og blei dratt mot meir metrisk musikk. Men framleis med stor kjærlighet for det å improvisere.

Har du noen andre planer og prosjekter på gang?
– Ja, eg driv og skriv musikk for Telehiv, eit nytt ensemble eg skal debutere godt ut i neste år. Etter omtrent to års tenketid, klarte eg å lande på besetning. Utanom meg sjølv er det Benedicte Maurseth på hardingfele, Martin Myhre Olsen på treblås, Joel Ring på cello, Ola Høyer på kontrabass og Håvard Aufles på tangentar. Er skikkelig spent på korleis det blir å sette såpass saftige og ulike folk i samme rom.

Hva hører du på for tiden?
– Akkurat no er eg midt i mitt årlige Nasheet Waits-kick. Eg hører generelt på enormt masse musikk, alt mulig, og ganske metodisk: Setter meg inn i eit band, ein musiker, eit plateselskap eller kva det skal vere. Så lagrar eg det eg likar veldig godt, det som gir gåsehud, i ei speleliste. Men eg sparar også på det eg likar litt, som har eit eller anna i seg eg vil absorbere, i den samme lista. Så denne lista har no godt over 1000 låtar, og planen framover er å høyre gjennom og luke ut alt anna enn det som gir gåsehud. Kanskje det gir meg ein klarare idé om kven eg er som musiker.

Sjekk ut hjemmesiden til Øyvind Skarbø for mer info

Fra forsiden

Nyhet

Sært i Smeltehytta

Kongsberg Jazzfestival har programmet for årets Særingfest klart. Den mer eksperimentelle delen av festivalen byr i år på blant annet trioen SPACE, Phil Minton & Veryan Weston, Nicole Mitchell solo og Christian Wallumrød & Ingebrigt Håker Flaten.

Nyhet

Vossa Jazz utlyser to stillinger

Etter ett års permisjon fra stillingen som festivalsjef i Vossa Jazz, har Trude Storheim annonsert at hun går nye veier. Nå utlyser festivalen både sjefsjobben og en produsentstilling. Søknadsfrist er 12. mai.

Meld deg på vårt nyhetsbrev