Intervju

OJKOS SPELAR KÖSTER 2.0: Mange av ideane oppstod på trilletur

Richard Köster har vore med i OJKOS sidan starten for fem år sidan. Fresh out of pappaperm er han klar med ny musikk til orkesteret på Victoria, tysdag 19. september.

Av Torkjell Hovland

– Ein undervurdera lett kor mykje jobb den ferdigstillinga av notane er…

Som OJKOS-ar flest, kjenner han på det i innspurten.

Fortell litt om musikken vi skal få høyre.

– Samanlikna med førre gong, så var livssituasjonen annleis. Det prosjektet skreiv eg jo under pandemien. Men denne gongen skreiv eg det delvis medan eg var i pappa-permisjon

Då fekk han tid til å tenke og høyre på musikk på trilleturar.

– Det har kanskje ført til meir enkle idear som står for seg sjølv, det er meir låtbasert.

Richard Köster har vakse opp i Tyskland, og noko av musikken minner han om tradisjonelle «Blaskapelle».

Kva høyrde du på då, på trilleturane?

– Eg har faktisk brukt Spotify sitt køsystem der det kjem nye ting, hehe.

Ja, dei algoritmane har blitt skummelt treffsikre.

Ja, ein får ganske mange spennande tips. Og så tok eg for meg katalogane til diverse plateselskap og høyrde meg gjennom – det er faktisk ein veldig fin måte å finne nye ting!

– Og dette gjorde jo at låtane vart ganske ulike – frå noko som er folkemusikkaktig, og så er det ei raplåt der.

Dette blir første konserten for nokre av dei nye medlemmane, og Richard har vore medviten på kven som skal spele når han skriv.

– Resten kjenner eg jo godt etterkvart, men det er inspirerande med frisk pust i ensemblet.

Når ein har spelt saman i fem år så blir ein samspilt og effektive – men ein kan jo stå i fare for å låse seg fast også – så då er det fint å få inn nye med sine perspektiv. Men vi prøvar å gi vidare det vi har erfart, spesielt når det kjem til det praktiske.

Kva gjer du når du komponerer – brukar du trompeten eller?

Nei, eg skriv eigentleg berre med piano. Og så skriv eg det for hand, for eg synest mange av desse notasjonsprogramma styrer mykje korleis musikken blir – ein får eit visuelt bilete med ein gong, og kan bli stressa av at det ser ut som det står lite der for eksempel. Eg ser det klarare på papiret.

Richard ser at det sjeldan blir tradisjonelle komposisjonsteknikkar i OJKOS.

– Det blir sjelden blokkharmoniar og sånt. Eg trur folk har lyst å nytte sjansen til å gjere noko annleis. Ei sjeldan moglegheit å gjere det for eit stort ensemble – og så er jo besetninga litt annleis.

Når du ser tilbake på desse fem åra – kva er det beste du har fått med?

– Å bli vant til å jobbe musikalsk uansett kva ein skal spele – ein får så mykje ulik musikk som ein ikkje kan så mykje om kanskje – Då er det veldig fin oppgåve å uansett gjere det til god musikk til slutt. Å ikkje berre vere komfortabel i det ein gjer, men bidra til eit felles musikalsk mål.

Sjølv håpar Köster at musikken også vil leve vidare utanfor OJKOS – og det er også meininga. Komponistane eig musikken, og kan ta prosjektet ut til det dei vil.


Konsert: OJKOS spiller: Richard Köster

tirsdag 19. september kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 200 / 150

Andrea Silvia Giordano – fløyte/vokal
Henriette Hvidsten Eilertsen – fløyte
Sol Léna-Schroll – saksofon
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Richard Köster – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Martin Lee Thompson – euphonium
Magnus Breivik Løvseth – tuba
Helge Lien – piano,
Arne Martin Nybo – gitar
Aleksander Hoholm – kontrabass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

 

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

 

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev