Nyhet

Vossa Jazz-prisen til Aksel Røed

Saksofonist Aksel Røed ble lørdag kveld tildelt Vossa Jazz-prisen 2023. – En nøkkelfigur i det unge bergenske jazz- og musikkmiljøet, og en av byens travleste musikere, sier juryen blant annet i sin begrunnelse.

Som den yngste prismottakeren noensinne, siden prisen ble opprettet i 1988, ble den 25 år gamle saksofonisten, bandlederen og komponisten Aksel Røed tildelt Vossa Jazz-prisen 2023 i forkant av Tingingsverket lørdag kveld.

Vossa Jazz-prisen er gitt av Vestland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr, i tillegg til et trykk av årets Vossa Jazz-plakat, skapt av festivalkunstner Ingrid Haukelidsæter. I kriteriene heter det at prisen skal gå til den frilans jazzmusikeren i Vestland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortjent til denne hederen.


Fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland (til høyre), og festivalsjef Trude Storheim delte ut Vossa Jazz-prisen 2023 til Aksel Røed. Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud

Juryens begrunnelse:
Vossa Jazz-prisen 2023 går til ein musikar, bandleiar og komponist som allereie i ung alder blottla ei tilsynelatande umetteleg nysgjerrigheit og utforskartrong, og som allereie frå første dag som student på Grieg-akademiet i Bergen utmerka seg som ein uhyre produktiv og allsidig ressurs – også som konsertarrangør.

Årets prisvinnar er ein initiativtakar og ei drivkraft; ein typisk igangsetjar, som samlar, skapar, inspirerer og inviterer alle med inn. Vedkomande påstår sjølv at hen manglar evne til å delegere – noko som kan vere ei mogleg forklaring på det svært høge aktivitetsnivået.

Vedkomande leiar og komponerer for eigne band, frå trio til oktett-format, og elskar frijazz og Ornette Coleman, men også Stan Getz – og evner absolutt å følgje stramme notasjonar og halda seg i skinnet. Sitat: «Jeg brenner jo for frijazzen og kommer alltid til å gjøre det, men jeg er jo først og fremst musiker, og vil egentlig bli brukt til alt, så lenge det er fett».

Årets prisvinnar står fram som ein nøkkelfigur i det unge bergenske jazz- og musikkmiljøet, og er ein av byens travlaste musikarar, etterspurt av «alle». Beskjedent nok påstår vedkomande at «jeg får de jobbene Kjetil Møster ikke kan ta» – medan alle veit at årsaka til at årets prisvinnar er ønska med av alle, og spelar over alt, skuldast at hen er drivande dyktig, og ein tvers gjennom triveleg person, som bidrar til godstemning i alle samanhengar.

Årets prisvinnar har rokke å gje ut 2 kritikarroste album i eige namn hittil i år, i tillegg til å vere ein svært travel musikar, bandleiar og komponist.

Guten frå Fyllingsdalen skulle bli advokat som far sin. I alle fall akademikar. Heldigvis kom han på betre tankar! Det er ei stor glede å kunne overrekkja Vossa Jazz-prisen 2023 til Aksel Røed!

Fra forsiden

Nyheter

Årets unge jazzmusikere kåres på Moldejazz

Noen av landets mest lovende, unge musikere møtes i Jazzintro-finalen under Moldejazz onsdag 17. juli. Fire band skal spille om tittelen Årets unge jazzmusikere 2024, samt en lanseringspakke fra Norsk jazzforum med festivalturné og et tilrettelagt mentorprogram.

Meld deg på vårt nyhetsbrev