Nyheter

OJKOS søker nye medlemar

OJKOS er eit komponist-kollektiv for skapande utøvarar, der kvart medlem skriv og får framført sin musikk mot å spele andre sine verk. No opnar Østnorsk jazzsenter opp for søknader for å fylle ledige plassar i ensemblet i to puljer fra hausten 2023 og våren 2024.

OJKOS søker i denne omgang etter alle instrument, men oppfordrar spesielt deg som speler bass eller trommer til å søke.

Søkaren må vere fødd i 1993 eller seinare.
Søkaren kan ikkje vere under grunnutdanning (bachelor) ved oppstart.
Søkaren må kunne vise til god kompetanse både som musikar og som komponist, og bør ha ferdigheiter innan improvisasjon og samspel.
Engasjement i tilknyting til drift av bandet samt ferdigheiter på biinstrument kan spele positivt inn på søknaden.

I OJKOS får du vere med i eit band med høgt kunstnerisk nivå, høg aktivitet, ein fast konsertserie på Victoria Nasjonal Jazzscene og ambisiøse planar. Til no har bandet spelt 10 konsertar i året og gjort fleire plateinnspelingar. OJKOS er meint som eit prosjekt for profesjonelle komponistar/utøvarar i etableringsfasen og ein får tilbod om å vere ein del av bandet i inntil 5 år før ein må gje plassen vidare til neste generasjon.

OJKOS ynskjer å vera eit inkluderandre orkester med god kjønnsbalanse.

OJKOS kan tilby honorerte konsertar og subsidierte Tono-midlar til komponisten. Bandet finansierast av Østnorsk jazzsenter, med konsertinntekter fra m.a. Nasjonal jazzscene. I tillegg har vi so langt motteke konsert-, innspelings- og bestillingsverktilskot fra Norsk kulturråd, Oslo kommune m.fl. Alle medlemar i OJKOS får komponere bestillingsverk til bandet.

Søknadsfrist: 28. februar 2023, du får svar innan 1. april.
Send kort tekst om din motivasjon for å bli medlem + CV, relevante lydopptak (og evt. partitur) som viser deg som komponist OG utøvar til audun@ostnorskjazzsenter.no

Spørsmål kan rettast til Audun Ellingsen, produsent i Østnorsk jazzsenter: 91545182

Fra forsiden

Nyheter

Debatt på Arendalsuka

Sammen med Arrangørforum inviterer Norsk jazzforum til debatten "Det frie musikkfeltet under press" under Arendalsuka 12. august. Gry Bråtømyr leder politikerdebatten, og det blir minikonsert med Symre. Arrangementet vil strømmes.

Moldejazz 2026 - del 3

Roseblader og en gjenglemt cowboyhatt

FESTIVAL: Tredje og siste rapport fra Moldejazz inneholder omtaler av esperanza spaldings residency på godt og vondt, Cécile McLorin Salvant, Brandee Younger, Shabaka, Sofi-O, Lauvdal/Fosheim og Sakte, fallende i tillegg til spredte inntrykk i listeform.

Meld deg på vårt nyhetsbrev