Intervju

OJKOS spelar Sigrid Aftret – inspirert av biletkunstnar Anna-Eva Bergman

Saksofonist og komponist Sigrid Aftret gav tidlegare i haust ut debutplata med bandet sitt Bêl som vart teke i mot med begeistra øyrer frå kritikarar og publikum. No er ho fersk i OJKOS, og tysdag 29.11 får vi høyre hennar første tolking av orkesteret. Vi ville høyre med Aftret om ho kunne fortelje om kva vi får høyre denne dagen.

Av Torkjell Hovland

Har du latt deg inspirere av noko eller nokon inn mot dette prosjektet?

– Då eg skulle ta fatt på dette prosjektet ynskte eg å lage noko som hadde ei tydeleg retning gjennom heile konserten. Under pandemien kom eg over den norske kunstnaren Anna-Eva Bergman, og har sidan hatt lyst til å lage musikk direkte inspirert av kunsten hennar – å skrive for OJKOS vart ei anledning til å gjere det.

I prosessen har Aftret leika med tanken på å overføre forma i bileta hennar til musikk, fortel ho:

–  I nokre tilfelle har eg prøvd å strebe etter ei form som eg har skissert med utgangspunkt i bileta hennar, eller eg har tenkt på korleis ho brukar fleire lag med forskjellige materiale. Eg trur også eg har vore veldig inspirert av ei sinnsstemning som bileta hennar uttrykker, og at denne kjensla eg får av å tenke og sjå på arbeida hennar har holdt meg i tøylane når det gjeld musikken.

– Det publikum kan forvente seg på tirsdag er difor alt anna enn hummar og kanari… Storforma har element som kan høyrast fleire gongar i forskjellige parti, eller låtar, og nokre stykke er også ei vidareføring av andre.

Er det noko musikk du har lete deg inspirere av?

– Eg har høyrt mykje på Stravinsky gjennom denne tida og vore veldig inspirert av hans bruk av harpe, men også harmoniar og klangfargar. Gil Evans har også vore ein stor inspirasjon. Eg synest det er heilt utrulig korleis han orkestrerer, og eg har forsøkt å forstå meg litt på dette og prøve ut mine eigne versjonar.

Korleis har de jobba med denne musikken i OJKOS?

– Eg har fokusert på å skrive musikk som ikkje er så vanskeleg å spele, slik at vi har kunne jobba med å finne eit felles uttrykk i det heile. Eg har skrive ein del parti som er opne i form av lengde, i tillegg til kva og kor mange hendingar som skjer osv, men uttrykket er likevel nokså strengt.

Tidlegare denne hausten kom Sigrid Aftrets band Bêl ut med debutplata – til ei samla begeistring frå kritikarane.

Fortell litt om Bêl! (Gratulerer med ei nydelig plate!)

– Tusen takk!

– Bêl vart forma i 2020 som mitt eksamensprosjekt på NMH. Eg hadde lyst til å lage eit mellomstort ensemble med ei litt uvanlig besetning slik at eg kunne utfordre meg og eksperimentere som komponist også. Difor fekk eg altså med meg Joel Ring på cello og Magnus Løvseth på tuba i tillegg til Tore Ljøkelsøy på trommer og Sol Léna—Schroll på alt-saksofon.

– Mine største inspirasjonskjelder for det bandet har nok vore Henry Threadgill og Anna Webber, med litt krydder av Maria Grand, Steve Coleman og ein dæsj klassisk serialisme. Eg skreiv alt for vanskeleg musikk til at vi kunne vere frie i den, men heldigvis gjorde eg dette under covid, så vi hadde mykje tid til å øve.

– Personlig likar eg å lage musikk som ligg litt foran meg sjølv med tanke på kapasitet og evne. Då må eg jobbe, studere og vidareutvikle meg for å gjere noko «fornuftig», lage musikk, med materialet. No synest eg vi spelar musikken bra, enda betre enn på plata!

Kva andre prosjekt er du involvert i framover?

– Eg spelar framleis, heldigvis, i Sex Magick Wizards. Vi har nettopp spelt inn vår tredje plate og har turnert i Tyskland det siste året, så eg håpar på meir av det!  Og så skal eg gi ut eit album med Petit Matin i 2023, ein kvartett med bassist Benoit Quentin og trommeslager Benoît Joblot. Eg spelar også i Henrik S. Dalens prosjekt Passe Planta og The Big Gathering.

Aftret organiserer også saman med sine medsammensvorne i Det Andre Kollektivet ein festival for jazz og improvisert musikk med fokus på Norge og Frankrike. Den går av stabelen for andre gong i Oslo i april 2023.

Sigrid Aftret starta i OJKOS i haust, men vi måtte likevel spørre –

Kva har OJKOS betydd for deg?

– Trass mine relativt få dagar med OJKOS har det betydd masse, og vil nok bety enda meir i åra som kjem! Det er ei stor glede å bli presentert for så mykje ny musikk på så kort tid, og eg er sikker på at denne berikelsen ikkje berre er musikalsk, men også at eg blir bedre på andre meir tekniske plan. Det er ein unik plass der ein får mengdetrening på mellom anna å lese og tolke musikk, finne løysingar i fellesskap og å improvisere i større ensemble.

– Også er det selvfølgelig eit enormt privilegium å få lov til å skrive musikk for eit slikt ensemble. Eg har gjennom dei siste månadane lært så utrulig mykje! Både ved å lytte og plukke andre sin musikk, orkestrere, sjølve skriveprosessen, tenke på alle som skal ha noko å gjere (!), og ikkje minst øvingane vi har hatt. Eg har mykje eg skal ta med meg til neste gong eg gjer noko liknande.

Kva er det du høyrer på om dagen – har du nokre tips til oss på tampen?

– Albumet til Torstein & Sigurd synest eg er utrulig fett, har høyrt ein del på plata og vore på konsert faktisk! Begge deler anbefalast. Eg har også høyrt ein del på Nelson Veras, spesielt Rouge sur blanc med Thomas Morgan og Stéphane Galland som eg synest er heilt genialt.

– Eg har også sjekka ut ein ung tysk saksofonist, Asger Nissen, som spelar i utrulig mange bra prosjekt. Berre eit lite klikk på YouTube så finn ein masse snæx (han spelar mellom anna i Jim Blacks band The Shrimps).

Her kan du høyre Sigrid Aftret sin mixtape for SVS Radio, der ho presenterar musikk som har inspirert ho til å skrive for OJKOS.


Konsert: OJKOS spiller: Sigrid Aftret

tirsdag 29. november kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 170 / 120

Alessandra Rombolá – fløyter
Camilla Hole – saksofon
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon
Tina Lægreid Olsen – klarinett og bassklarinett
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Magnus Løvseth – tuba
Arne Martin Nybo – gitar
Evelien Vaneysendeyk – harpe
Alexander Hoholm – bass
Knut Kvifte Nesheim – trommer

Komposisjonen og konserten er støttet av Norsk kulturråd, Oslo kommune og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyheter

Søk musiker- og bandstipend for 2025

Norsk jazzforum skal fordele 1 million kroner i musiker- og bandstipend for 2025. Musikermedlemmer av Norsk jazzforum inviteres til å søke om personlig fordypnings-/studiestipend eller øvings-/studiestipend for band. Søknadsfrist er 1. november 2024.

Meld deg på vårt nyhetsbrev