Nyhet

Vossa Jazz-prisen til Irene Tillung

Komponist og musikar Irene Tillung mottok den prestisjetunge Vossa Jazz-prisen 2022 laurdag kveld.

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Vestland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr, i tillegg til eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat, laga av festivalkunstnar Sveinung Iversen. Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren i Vestland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

Komponist og musikar Irene Tillung mottok Vossa Jazz-prisen for 2022. Til festivalen i fjor komponerte Tillung eit verk som samla ni andre musikarar frå toppsjiktet innan folkemusikk, jazz og klassisk musikk. Ho har også skrive teatermusikk, vore studiomusikar, laga filmmusikk og spelt med grupper som Tindra og MAAR, og turnert over store delar av verda.

Frå juryen si grunngjeving:
Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen.
Vossa Jazz sin musikalske profil femner om jazz og folkemusikk. Årets vinnar er utdanna innan klassisk musikk, men har verkeleg blitt lagt merke innan norsk folkemusikk og har jobba med musikarar i mange sjangrar.
Til Vossa Jazz i fjor komponerte årets vinnar eit fantastisk verk som samla ni andre musikarar frå toppsjiktet innan folkemusikk, jazz og klassisk musikk på scena. Det stjernespekka ti-mannsensemblet hausta gjetord frå både publikum og presse og synte ein dyktig komponist og akkordeonist som leverte eit mektig verk som gav rom for alle medmusikantane. Årets prisvinnar har også skrive teatermusikk, vore studiomusikar, laga filmmusikk og spelt med grupper som Tindra og MAAR – og turnert over store delar av verda. Og ho er frå Voss!

Fra forsiden

A Tonic For The Troops - Victoria, Nasjonal jazzscene - 5. mars 2026

Jazzoppkvikkende

KONSERT: Kveldens kvartett forfrisker tradisjon og sper på med sitt eget.

Now's the time

NTT: Hammondorgel og sjøfløyte

Vi snakker med Camilla Hole og Frode Kjekstad om fersk musikk, skriver om Emmeluth's Amoeba, Thomas Bergsten Trio og Dafnie EXTENDED, Fredrick Arnøy forteller om sine utvalgte konserttegninger og et nytt norsk jazzplateselskap ser dagens lys.

Meld deg på vårt nyhetsbrev