Intervju

OJKOS spelar Alexander Hoholm: Prog i storformat

På vårens andre OJKOS-konsert er det bassist Alexander Hoholm sin tur. Han har leita fram att progrock-interessa og tek utgangspunkt i utvida bassteknikkar i komposisjonane sine

av Torkjell Hovland

Alexander Hoholm er ein aktiv bassist på tvers av stilartar på kontrabass og el-bass. I Martin Nodeland sitt band, med Tore Brunborg, og rundt om på dei stadig fleire uteplassane med taffeljazz i byen.

Men med OJKOS denne gongen har Alexander dyrka progrockinteressen som han dreiv mykje med før, gjennom bandet Mothman blant anna. Og denne gongen blir det den gode gamle seks-strengaren som er med.
– Eg har hatt liggande ein del riff og idear som har vore utgangspunkt for komposisjonane no.
– Det var ei periode då eg var yngre at eg øvde på mykje obskure teknikkar som for eksempel sweeping og slapping, som kanskje har blitt sett på som litt harry før, men som har vore veldig spennande å ha med inn i denne settingen.

Av inspirasjonar nemner Alexander blant anna Tosin Abasi og Tigran Hamasyan, Animals as Leaders, duoen Mats Öberg/Morgan Ågren og Meshuggah.

Har det vore utfordrande å instrumentere denne musikken for OJKOS?
– Ja, det har vore ei veldig spennande utfordring å aktivisere og finne gode roller til alle instrumenta. Musikken er jo i utgangspunktet ganske «band-basert».

Øvingstida er som vanleg kort for orkesteret, og her er det mykje polyrytmiske nøtter å knekke for musikarane.
– Men eg merkar også at ting går lettare no. Eg skriv nok bedre på ein måte som er enklare å innstudere enn første konserten. Vi kjenner jo kvarandre berre betre og betre og ensemblet har nok blitt meir modent sidan starten.

Gitarist Martin Nodeland og pianist Martin Gjerde er vikarar denne gongen, og i tillegg blir det første konsert for OJKOS sine nye faste medlemmar saksofonistane Sigrid Afret og Maria Dybbro.

Framover er kalenderen fylt utanom OJKOS med blant anna konsert med Tore Brunborg Kvartett på Kampenjazz i morgon laurdag 26. mars, ein turné med Trond Kallevåg i sikte.
– Eg har alltid trivst godt med å gjere mykje forskjellig. Så lenge det er bra musikk.

Men med åra har Alexander også merka eit behov for å lage noko eige, ha eit eige prosjekt:
– Det er ikkje nokre konkrete planar om å spele inn dette prosjektet med OJKOS enno, men vi får sjå – kanskje blir denne musikken brukt vidare i eit band. Det er noko med å skape noko eige, ha noko som du styrer, og ikkje berre henge rundt.

Det er eit generelt problem om dagen at folk blir hengande igjen i sofaen sjølv om landet har opna og kulturen er i full gang, kan vi lese. Alexander håpar at folk kjem seg ut på konsert på tysdag.
– Det var godt besøk førre gong med OJKOS, så vi satsar på det blir like bra no.

OJKOS-tysdagane på Victoria er etterkvart blitt etablert som ein sjeldan sjanse til å oppleve heilt ny musikk for stort ensemble – du veit ikkje alltid kva du får, men du veit at det er av høg kvalitet.

No treng vi input!


Konsert: OJKOS spiller: Alexander Hoholm

tirsdag 29. mars kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 170 / 120

Henriette Eilertsen – fløyte
Camilla Hole – saksofon
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon
Tina Lægreid Olsen – saksofon
Richard Köster – trompet
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Martin Sandvik Gjerde – piano
Arne Martin Nybo – gitar
Martin Nodeland – gitar
Alexander Hoholm – bass
Knut Kvifte Nesheim – trommer

Komposisjonen og konserten er støttet av Norsk kulturråd, Oslo kommune og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyhet

TJO tar over Plassen

- Velkommen til hjemmealenefest, skriver Moldejazz i sitt første programslipp for 2025. Artist in Residence og jubilant Trondheim Jazzorkester skal ta over festivalens storstue, Kulturhuset Plassen, for én dag og fylle hele huset med unike konsertopplevelser.

Nyheter

Debatt om statsbudsjettet

Tirsdag 15. oktober inviterer Arrangørforum til kulturdebatt i Oslo. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery stiller til samtale om statsbudsjettet, og det blir paneldebatt med Jaffery og stortingspolitikerne Tage Pettersen (H), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Emma Lind (V) og Kathy Lie (SV).

Meld deg på vårt nyhetsbrev