Intervju

OJKOS spelar: Henriette Eilertsen

Prosessen med debutplata Poems for flute var intens og lærerik for Henriette Eilertsen. Ut av bobla kjem ho til OJKOS med heilt ny musikk.

av Torkjell HovlandDet er tid for Henriette Eilertsen si andre runde som komponist for OJKOS. Det vil seie – første gong delte ho tid med Tina Lægreid Olsen.I mellomtida har Henriette arbeida med soloplata Poems for flute som kom i september. Ho var rett nok ikkje heilt aleine på plata. Hennar faste duopartner Hans Kjorstad er med på nokre spor i tillegg til OJKOS-kolleega Mike McCormick.
– I tillegg spelar eg solo i ulike rom, så det blir jo eit samspel med dei romma også.– Det har vore ein intens prosess, fortel Henriette: – Eg synst det har vore ganske grusomt inn i mellom.Kva handla det om då?
– Altså…I utgangspunktet synst eg ofte det kan vere litt skummelt å høyre på meg sjølv, og her blei jo det veldig mykje av meg då. Men det var veldig deilig å få den ut! Det kunne jo ikkje bli liggande ein ferdig master på harddisken min, liksom.

Det har ialllefall blitt veldig fint!

Heng musikken du har skrive for OJKOS saman med plata?
– Ja, altså den var jo i stor grad improvisert, men musikken vi skal spele på tysdag er likevel mykje i same ånd. Eg trur også eg har blitt ein betre fløytist av å jobbe med den plata, fordi eg har blitt medviten på meg sjølv og spelet mitt.

– Og så har eg plukka nokre idear frå improvisasjonane på plata og utbrodert dei til komposisjonar.

Korleis er komposisjonsprosessen din?
– Eg jobbar ofte ut frå små idear – det kan vere ein melodi, eller ei verd av eit eller anna slag. Utfordringa er jo å gjere utvalet blant alle ideane. Eg er veldig lite akademisk i komposisjonsprosessen, men har heller ei lyttande tilnærming til skrivinga. Eg skriv gjerne skisser som ikkje treng å vere notar – eg er nok ganske biletleg, eg ser det for meg.

Men… Korleis lét musikken vi skal høyre på tysdag? Eg veit at det er umogleg å svare på, men…
– Hehe, ja – eg er ein moll-person. Sjølv når eg skriv dur, så let det liksom mollete likevel. Det er oftast ikkje planen i utgangspunktet, men det endar ofte opp med å ligge noko tungt bak i musikken der ein plass likevel.

Har du nokon spesielle inspirasjonar?
– Christian Wallumrød for eksempel, spesielt plata A year from easter, Building Instrument og Nils Bergs Cinemascope. Men også ting som Sketches of Spain er eg veldig glad i.

– Eg trur ikkje musikken lét så veldig som dei, men det kan vere små idear og klangar frå dei som eg blir veldig inspirert av. Nokre av tinga til Wallumrød høyrest jo også ganske skissete ut, så der er også ein inspirasjon i det.

Eilertsen ser på det som ein unik fordel å kjenne musikarane i OJKOS så godt i skriveprosessen, spesielt når det kjem til instrumenteringa: – Eg høyrer liksom for meg kva instrument som kan passe i lag. Og så får vi moglegheit til å teste ting og utvikle komposisjonane etterkvart.

– Eg kjem sikkert til å bli veldig nervøs på tirsdag – men eg elskar å vere nervøs.
Du elskar å vere nervøs?
– Ja, altså – eg får veldig kick av det når eg først står på scena og vi kjem i gang å spele. Så går det jo alltid bra likevel – det er ein skikkelig deilig følelse!

Etter konserten på tysdag skal OJKOS og Henriette i studio og spele inn musikken. I tillegg er ho aktiv med solokonsertar, konsertar med plateaktuelle Andreas Røysum Ensemble og ei rekke ad hoc improsettingar.
– I januar skal eg ha konsert med to dansarar som eg har skrive musikk til som blir veldig gøy å kome i gong med. Og så skal eg og Hans Kjorstad skrive ny musikk – det gler eg meg til!

Henriette var ein av initiativtakarane til OJKOS i 2018. Og OJKOS held ho fram med neste år også:
– Det har vore veldig fint å vere med i OJKOS sidan starten, særleg gjennom koronatida, å ha den «arbeidsplassen». Og i og med at alle må skrive og vi rullerer på å vere musikalsk leiar, så får alle erfart den rolla og vi blir veldig flinke på å backe kvarandre.

Og no kjem det også to nye medlemmar i OJKOS til våren – det er berre å gle seg!

– Eg håpar berre dei ikkje stenger heilt ned igjen no då…
Ja, uff – eg lukkar augene for dei nyheitene.

Tekst: Torkjell Hovland

Her kan du høyre Henriette Eilertsen sin mixtape for SVS Radio, der ho presenterar musikk som har inspirert ho til å skrive for OJKOS.


Konsert: OJKOS spiller: Henriette Eilertsen

tirsdag 30. nov. kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 150 / 100

Henriette Eilertsen – fløyter og komposisjoner
Camilla Hole – sopransaksofon
Tina Lægreid Olsen – bassklarinett og barysaksofon
Joel Ring – cello
Lyder Øvreås Røed – trompet
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Arne Martin Nybo – gitar
Mike McCormick – gitar og laptop
Alexander Hoholm – bass
Knut Kvifte Nesheim – trommer

Komposisjonen og konserten er støttet av Norsk kulturråd og Oslo kommune.

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev