Nyhet

Vossa Jazz-prisen til Øyvind Hegg-Lunde

Trommeslagar og komponist Øyvind Hegg-Lunde mottok 5. november Vossa Jazz-prisen 2021.  I grunngjevinga heiter det blant anna at Hegg-Lunde er ein svært allsidig musikar med ei imponerande liste over produksjonar og samarbeidsprosjekt.

Fredag kveld 5. november delte fylkesordførar Jon Askeland ut Vossa Jazz-prisen 2021 til Øyvind Hegg-Lunde, i samband med konserten til Voice & Strings & Timpani på USF Verftet i Bergen. Vossa Jazz-prisen er gjeven av Vestland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr, i tillegg til eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat som er laga av festivalkunstnaren, i år gatekunstnaren ITPD. Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren i Vestland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

I grunngjevinga heiter det:
Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen.  Årets vinnar har røter i begge dei to fylka som no saman utgjer Vestland fylke. 

 Årets prisvinnar er ein musikar som er svært allsidig og har ei imponerande liste over produksjonar og samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei solid heimleg karriere, jobbar hen også i ei rekkje internasjonale konstellasjonar, på tvers av sjangrar, og prisvinnaren har i arbeidet sitt  samarbeida innan dans, poesi, teater og perfomancekunst. I tillegg har vinnaren gjort fleire bestillingsverk for både samtids-, jazz- og folkemusikkfestivalar – inkludert suksessrike verk/framsyningar for born og ungdom. 

 For å nemna nokre i ein vakker og variert bukett artistar som prisvinnaren har spelt med: Arve Henriksen, Ståle Storløkken, Per Jørgensen, Marilyn Mazur, Terje Isungset og Nils Petter Molvær. Frå hans eigne prosjekt kan me nemna Building Instrument, Erlend Apneseth Trio – og kveldens Voice & Strings & Timpani. 

Fra forsiden

Moldejazz 2024 - dag 3 og 4

Folkefesten og jazzen møtes i kveldssola

FESTIVAL: Moldejazz på onsdag og torsdag går fra sur vind til godvær, Jaap Blonk fascinerer både ute og inne, Lightning Trio, Bliss Quintet, Schemes og Coincidences møtes i Jazzintro-finalen, Bill Frisell finner vrengpedalen og den store og den lille festivalen møtes på takterrassen i ellevetiden om kvelden.

Meld deg på vårt nyhetsbrev