Nyhet

Vossa Jazz i palmehelga avlyst

Vossa Jazz i mars er avlyst. Den 48. festivalen vert skipa til 24.-26. september 2021.

På dagen eitt år etter avlysinga av Vossa Jazz 2020, lyt me med tungt hjarte diverre avlysa igjen, men me planlegg å skipa til den 48. Vossa Jazz allereie i haust, skriv festivalen i ei pressemelding i dag.

På bakgrunn av tilrådingar frå styresmaktene og den uvissa alle står i, vurderer Vossa Jazz det slik at det rett og slett ikkje er forsvarleg å skipa til festival i Palmehelga. Alle billettar til årets festival vil verta refunderte.

Me har stått i uvissa i over eit år, men planlagt for å kunna gjennomføra i Palmehelga. No vart skjera i sjøen for mange og høge og me vel å avlysa festivalen. Men me gjev oss ikkje, no ser me framover og gler oss til å oppleva levande musikk frå fantastiske artistar. Fullstendig program må koma attende til, det er mange detaljar som må på plass, seier dagleg leiar Trude Storheim.

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev