Nyhet

Vossa Jazz-kunstnaren 2021 er klar

For fyrste gong vil Vossa Jazz ha ein gatekunstnar som festivalkunstnar, bergensbaserte ITPD. Vossa Jazz-utstillinga opnar fredag 26. mars.

Vossa Jazz jobbar mot nytt år og er klare for å skipa til den 48. festivalen 26.-28. mars 2021. Festivalkunstnar 2021 er gatekunstnaren ITPD, ein bergensbasert kunstnar med bakgrunn som fotograf og teiknar. Fleire av verka hans kan sjåast på veggar i Bergen og Fyllingsdalen. Den anonyme gatekunstnaren er inspirert av legender som AFK og DOLK, og han reknar seg sjølv som ein «old school-kunstnar», med sjablong og spray som viktigaste verktøy. Fleire av verka hans er prega av eit sterkt politisk medvit og velutvikla formkjensle.

Det nylaga verket som prydar Vossa Jazz-plakaten 2021 er ein hyllest til Per Jørgensen. Heilt sidan tenåra har festivalkunstnaren vore opptatt av den norske trompetisten sitt fantastiske lydrike og spesielt den musikalske galskapen Jørgensen bidreg med i trioen Jøkleba. Originalen av årets plakat kan du sjå i parkeringshuset Vossapark på Voss.

– Vossa Jazz har tradisjon for å skipa til kunstutstilling under festivalen i samarbeid med Voss Kunstlag, og festivalplakatane våre har vore laga av spanande, visuelle kunstnarar frå dag ein. Me vil at kunsten og mangfaldige kunstuttrykk skal gjennomsyra alt Vossa Jazz driv med, seier dagleg leiar i Vossa Jazz, Trude Storheim.

Utstillinga 2021 vil verta presentert både utandørs på Vangen og inne i utstillingsrommet på Voss Kulturhus. Dagleg leiar i Norsk jazzforum, Gry Bråtømyr opnar Vossa Jazz-utstillinga fredag 26. mars.

Fra forsiden

Nyhet

UKAS JAZZPROFIL: Grete Skarpeid

Grete Skarpeid ga nettopp ut sitt andre album, «Beyond Other Stories», arrangert og produsert av Aruan Ortiz. Et filmteam har i fire år fulgt Skarpeid og hennes samarbeid med Aruan, og til høsten slippes dokumentarfilmen «Grete - and the Cuban pianist».

Nyhet

NTT: Juks og fanteri

Vi byr på faglig påfyll om ubehaget i strømmeøkonomien ved Anja Nylund Hagen og bedragerfenomenet i musikken ved Jo Fougner Skaansar, Ragnhild Fangel Jamtveit er klar med ny Pom Poko-skive, Kafé Hærverk har gitt ut en helsikkes omfangsrik samler, vi har fått leserbrev og mye mer i ukas Now's The Time!

Meld deg på vårt nyhetsbrev