Nyheter

Elektrisk OJKOS med Arne Martin Nybo

Når Arne Martin Nybo skriv for OJKOS, vil han utnytte dei elektroniske og elektriske ressursane i OJKOS og sparke litt futt i ensemblet. Og så avslører han eit OJKOS-«easter egg».

Gitarist og komponist Arne Martin Nybo er ein av mange av OJKOS-medlemmar som har teke NOCOM-masteren på Norges Musikkhøgskole – Master i jazzkomposisjon fordelt på eit halvår i København, Göteborg og Oslo.

Korleis går du fram når du komponerer?
– Eg skriv veldig ut i frå øyret. Eg skreiv ned alle idear og abstrakte tankar i ei notatbok. Om kva det kunne vere og kven som kunne passe til kva. Då eg gjekk i Stavanger og skjønte at det fanst litt for mange gitaristar, fann eg ut at eg måtte skrive også. Som gitarist må du gjere alt sjølv.

Arne Martin starta for snart to år sidan platselskapet Smeik, som sidan den gong har gitt ut ni plater allereie: – Vi er fem musikarar i styret som hadde lyst å gi ut plater med ein enklare prosess. Alt er basert på frivillig arbeid.

I 2018 gav Arne Martin ut plata En/Alle på selskapet sjølv, saman med poeten Ulrik Ravn. Også OJKOS-arane Mike McCormick og Magnus Murphy Joelson har gitt ut plater der.

Korleis vil du skildre musikken du kjem med til Victoria på tysdag?
– Alle komposisjonane er basert på ei lang tonerekke som eg har snudd på hovudet, delt opp og gjort alt mogleg med.

– Eg synst alltid det er vanskeleg å skildre musikken. Eg hadde kanskje eit ynskje om å få litt futt i OJKOS denne gongen. Så det er mykje riff og høglytt groovebasert musikk med opne delar. Eg hadde lyst å utnytte ressursane i ensemble – det er ganske mange i ensemblet som driv med effektpedalar og ulike former for elektronisk manipulasjon. Andreas Rotevatn kjem til å ha ei viktig rolle der.

Og med to trommisar?
– Ja, Ola Øverby er med i tillegg til Knut Kvifte Nesheim. Og så har vi tre gitaristar denne gongen. Blant anna har vi leigd inn Martin Nodeland på synthgitar. Mike McCormick sit og programmerer diverse utfall og effektar.

–…og så er Tore Brunborg med på tenorsaksofon. Eg veit ikkje heilt om eg vil avsløre det, men…Eg spelte med Tore då han var i Stavanger for nokre år sidan. Og på eit opptak frå ei øving, spelte han ei frase som var heilt fantastisk. Og bitar frå den har blitt brukt i fleire låtar for OJKOS – litt ála “the lick”.
Haha – rått! Easter eggs liksom?
– Men eg har ikkje turt å seie det til Tore endå… Han er jo ei legende.

Du må jo seie det!
Er det nokre andre inspirasjonskjelder du vil trekke fram – eller kva har du høyrt på i det siste, om det er lettare å svare på?
– Eg kan jo nemne Crime Time Orchestra som verkeleg er i mitt hjarte. Elles har eg høyrt mykje på eit britisk punkband som heiter Gallows. Og så har eg blitt ganske oppslukt i Unni Løvlid. Eg fann nyleg plata Seven Winds med Løvlid, Becaye Aw og Rolf-Erik Nystrøm. Veldig interessant plate!

Det er ganske ekstreme ytterpunkt då – britisk punk og Unni Løvlid..
– Hehe, ja det er godt poeng – men eg likar å maxe det då. Om eg treng energi høyrer eg på noko knallhardt, og om eg skal slappe av, så roar eg det heilt ned.

Tekst: Torkjell Hovland

Her kan du høyre Arne Martins mixtape for SVS Radio, der han presenterar låtar som har inspirert han til å skrive for OJKOS


Konsert:OJKOS – Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo spiller Arne Martin Nybo

tirsdag 13. okt. kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 150 / 100

Henriette Eilertsen – fløyte
Camilla Hole – saksofon
Tore Brunborg – saksofon
Tina Lægreid Olsen – saksofon
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Arne Martin Nybo – gitar
Martin Nodeland – gitar
Mike McCormick – gitar, laptop
Kristoffer Fossheim Håvik – piano
Alexander Hoholm – bass
Knut Kvifte Nesheim – trommer
Ola Øverby – trommer

Komposisjonen er støttet av Norsk kulturråd

Her kan du høyre Arne Martins mixtape for SVS Radio, der han presenterar låtar som har inspirert han til å skrive for OJKOS
www.smeik.no/arne-martin-nybo
www.ojkos.no

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev