Nyhet

Vossa Jazz 2020 er avlyst

Grunna utbrotet av korona-viruset og nye retningslinjer frå Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen i Voss herad, har Vossa Jazz måtta ta den tunge avgjerda å avlysa årets festival.

Både Vossa Jazz 3. – 5. april og Vossakveik 2. april er no avlyst.
– Me ynskjer å bidra til å avgrensa smitteutbrotet og vil prioritera omsynet til folk som er i risikogruppa, seier dagleg leiar Trude Storheim.

Vossa Jazz jobbar med å løysa utfordringar dette vil skapa for festivalen og dei involverte, og ber om forståing for at ikkje alle svar er klare per no, mellom anna spørsmål kring refundering av billettar. Informasjon vert lagt ut fortløpande på heimesida og i sosiale media.

– Det er ei tung avgjerd, men me må forhalda oss til styrande retningslinjer. Vossa Jazz er sjølvsagt oppteken av å bidra til avgrensa smitteutbrotet. Me kjem sterkt attende i 2021, seier Storheim.

Fra forsiden

Kristiansand Jazzfestival - 20. og 21. august 2026

Da sopp regjerte på kloden

FESTIVAL: Den fortsatt ferske Kristiansand Jazzfestival gir nye, spreke farger til Sørlandet.

Blow Out festivalen, MIR - lørdag 22. august 2026

Eldrebølgens triumf

FESTIVAL: De gamle er eldst, også på Blow Out festivalens siste kveld.

Meld deg på vårt nyhetsbrev