Nyheter

Camilla Hole og Johannes Fosse Solvang med ny musikk for OJKOS

Saksofonist Camilla Hole og trombonist Johannes Fosse Solvang starta med mykje av dei same ideane, men endte opp med to heilt ulike tilnærmingar.

– Vi ville eigentleg gjere ein konsert i lag, og byrja eigentleg å skrive . Men sidan vi har så felles bakgrunn, fortsette vi berre for oss sjølve og så fekk konserten ein fin heilskap likevel.

Dei to har spelt saman i fleire samanhengar tidlegare, og studert saman i Stavanger og på jazzkomposisjon på Norges Musikkhøgskule. Johannes tek no ein master i utøvande jazz på NMH.

Utover dei faste OJKOS-musikarane har Camilla og Johannes med vokalist Siril Malmedal Hauge, cellist Ellen Martine Gismervik, og Maria Rotevatn på klarinettar: – Vi vart fort einige om at det var dei vi ville ha med.

Camilla Hole fortel at ein slags musikktrøttleik var utgangspunktet for hennar musikk i prosjektet:

– Eg trur eg var litt lei av at store ensemble-jazzmusikk alltid skal vere så groovy og på ein viss måte – eg var nesten litt musikklei på ein måte. så eg ville prøve å jobbe med andre ting enn berre tonar og rytmer.

Camilla ville finne ny musikk i ensemblet. Camilla har skrive tekstinstruksjonar og jobba med grafisk notasjon for å nå tak i dei nye lydane:

– Det er spennande å høyre korleis det vil lete om trompetane får ein slik instruks – korleis vil dei løyse det? Kva nye lydar får vi?

Ganske ope då, med andre ord?

– Ja, men med ei streng form. Det er ein tydeleg idé om kor ting skal.

Camilla Hole Trio er i skrivande stund på Vestnorsk Jazzsenter sin stamveg-turné. I fjor kom plata Halvemål. Der spelar trioen tradisjonsmusikk i eigne arrangement, og sjølv om mykje av dette arbeidet har inspirert OJKOS-musikken til Camilla, er det ikkje konkrete folketonar denne gongen.

– Det er kanskje litt sånn folkete inspirert, eg er jo glad i heile den frie, folkete greia som for eksempel Erlend Apneseth Trio og 1982 osv.

For Johannes startar musikken som oftast med melodien: – Kanskje er det litt styrt av instrumentet eg spelar også – øyrene går ofte til melodien. Eg er glad i det songbare. Om der er nokre skeive taktartar er det fordi frasen har bestemt det.

Men klang er også viktig for Johannes. Han er oppteken av at musikken skal vere transparent: – Det blir ofte så massivt i store ensemble. Eg har jobba med at ein skal høyre detaljar.

– Vi har eigentleg leita etter litt det same, men med ei heilt forskjellig tilnærming til det, seier Camilla.

– Eg hadde nesten ein omvendt ambisjon enn Camilla. Om det var noko eg ville skulle bli spelt, ville eg skrive gjennom det heilt presis, legg Johannes til. Også som ei skriveutfordring for meg sjølv.

Kva er musikalske inspirasjonane dine?

– Det er jo mykje forskjellig, men eg har vore veldig glad i Trondheim Jazzorkester sine prosjekt då. Eg høyrde jo dei før eg høyrde på alle dei store, kjente storbanda. Det trur eg er felles for mange som skriv for store ensemble i vår generasjon.

Camilla nikkar gjenkjennande til det: – Ja, eg har aldri nådd heilt storband-greia. Det var nesten sånn at – åja, er ikkje det slik alle storband lét?

Men elles har Johannes vore oppteken av å høyre mykje musikk som er litt på utsida av det han sjølv driv med, som Bartok eller Messiaen. – Helge Sunde, læraren min, hadde eit fint sitat: Smaken din blir du aldri kvitt. Ein kjem liksom alltid til å høyre at det er du, så då er det berre å oppsøke alt mulig utanfor.

Johannes og Camilla har planar om å gi ut musikken. – Det er jo kjekt om alt arbeidet ikkje berre stoppar med ein konsert, men får leve vidare!

Om du vil høyre meir av musikken som har inspirert Camilla og Johannes, har OJKOS blitt fast bidragsytar på SVS Radio, og vil i forkant av kvar konsert dele ein mixtape med musikk relatert til konserten. Her kan du høyre Camilla og Johannes sin – perfekt lydspor til søndagskaffien!

https://svsradio.com/test-event-1/2019/12/3/132-camilla-hole-and-johannes-solvangojkos

Tekst: Torkjell Hovland


Konsert:

OJKOS Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo
tirsdag 10. desember., dørene åpner 19 / konsertstart 20
Victoria Nasjonal jazzscene

Siri Malmedal Hauge, vokal
Henriette H. Eilertsen, fløyte
Camilla Hole, saksofon
Tina L. Olsen,  saksofon
Marie Rotevatn, klarinett
Richard Köster,  trompet
Lyder Øvreås Røed, trompet
Tancred H. Husø¸ trompet
Andreas Rotevatn, trombone
Magnus J. Murphy,  trombone
Johannes Fosse Solvang, trombone
Ellen-Martine Gismervik, cello
Kristoffer Håvik,  piano
Arne Martin Nybo, gitar
Mike McCormick, komposisjoner/dirigent/gitar/elektronikk
Aleksander Hoholm, bass
Knut K. Nesheim, vibrafon

Komposisjonen er støttet av Norsk kulturråd

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Panikk i gavedisken

Gjør gaveinnspurten lettere med vår store spesial, hvor Jazznytts skribenter kommer med sine tips fra jazzen og omegnen!

Nyhet

Halvannen million til Nordnorsk Jazzensemble

Nordnorsk Jazzensemble er tildelt 1,5 millioner kroner fra Samfunnsløftet, Sparebank1 Nord-Norge. - Dette gjør at vi nå kan utvikle nye prosjekter, sier en svært glad daglig leder i Nordnorsk jazzsenter, Ulla-Stina Wiland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev