Nyheter

Naturleg polyrytmikk

Alexander Hoholm har latt seg inspirere av alt frå komponisten Henry Cowell sine matematiske konsept til Emilie Nicolas sitt lydbilete i musikken du får høyre med OJKOS på Victoria tysdag 24.september.

OJOKS presenterer nok ein gong splitter ny musikk! Det er berre å gjere det til ei vane å ta turen.

Er alt klart til tysdag?

– Ja, eg trur det no, med ei siste gjennomkøyring før konserten, så skal det nok sitte. Der er lagt opp til ein del opne parti også.

Det er intensivt med OJKOS-prosjekt. Med så mange musikarar som er aktive på andre frontar, må alt vere klart før dei to øvingane ein får til rådigheit før konserten. Og det er ikkje nødvendigvis enkel musikk. Hoholm har latt seg inspirere av matematiske konsept i sin musikk.

– Det starta med ein idé eg hadde om å skrive musikk med andre typer polyrytmer enn dei vi er mest vande med. Sjølv om fokuset har endra seg litt sidan starten, så er det ein del låtar som har mykje polyrytmiske idear i seg.

– For eksempel er det ei låt som har to som hovudpuls, så er det tre over det, så fem over det igjen, sju over det osv…

Det høyrest vanskeleg ut!

– Ja, det er jo kanskje det. Men vi har jobba med det i ensemblet og klappa låtane osv. Tanken er at det likevel skal vere iøyrefallande uavhengig av den kompleksiteten.

Er det andre inspirasjonar?

– Eg kom over komponisten Henry Cowell som var aktiv på 30-talet som hadde eit konsept han kalla rythmicon som tok utgangspunkt i overtonerekka og utforskar dei ulike frekvensforholda der i sakte tempo – som rytmer. For eksempel kan du klappe 3 over 2 og speede opp, så får du ein kvint. Eller 5 over 2 blir en decim. Polyrytmer tilsvarar altså intervall.

Eg måtte nesten spørre: Var du glad i matte når du var liten?

– Hmm, eg trur ikkje eg var spesielt glad i matte. Men eg har alltid vore interessert i å finne logiske løysingar på ting – logikk. Eg har prøvd å bruke desse konsepta så det lét naturleg.

Kunsten er å integrere matematikken inn i musikken utan at ein legg merke til at det er matematikk det er. Alexander nemner namn som nettopp har fått til dette.

– Elles så er det mykje forskjellig musikk eg let meg inspirere av. Eit par av låtane er inspirert av Arvo Pärt, Steve Reich. Og så ei pop-låt som er delvis inspirert av Emilie Nicolas sitt lydbilete. Og Meshuggah, faktisk.

Er det nokon endringar i ensemblet til denne gong?

– Vi er 13 personar på dette prosjektet. Jørgen Mathisen (ikkje saksofon-Jørgen, journ.anm.) er med på fiolin, så er det nokre som er vekkreist.

Du har jo vore med frå starten – kva tenker du at OJKOS har hatt å seie for deg?

– Det er jo med å la meg skrive musikk generelt, og let meg utvikle den sida av meg på ein måte som eg ikkje hadde fått moglegheit til på andre måtar. Som bassist så er eg jo ofte «sidemann».

Det er felles for alle OJKOS-medlemmane – OJKOS gir dei moglegheit til å skrive musikk for eit større ensemble, noko som nesten er umogleg å få til utanfor slike organiserte orkester.

Kva andre prosjekt er du aktuell med for tida?

– Past Present gav ut plata Eternal Return saman med Tortusa på fredag. Past Present er ein duo eg har med Simen Kiil Halvorsen som vi begge hadde som masterprosjekt. Vi skal på turne i Tyskland no i oktober. Elles så er det ei plate med Will Vinson og Martin Nodeland rett rundt hjørnet. Og så skal eg på turné i Serbia i lag med Rastko Obradovic.

– Så det er ein del som skjer for tida, ja!

Får vi høyre OJKOS-musikken din på plate?

– Ja, det hadde jo vore kjekt, men eg tek ein ting av gongen, eigentleg.

 

tekst: Torkjell Hovland


Konsert:

OJKOS Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo
tirsdag 24.sep, dørene åpner 19 / konsertstart 20
Victoria Nasjonal jazzscene

Henriette H. Eilertsen, fløyte
Camilla Hole, saksofon
Tina L. Olsen,  saksofon
Richard Köster,  trompet
Lyder Øvreås Røed, trompet
Tancred H. Husø¸ trompet
Andreas Rotevatn, trombone
Magnus J. Murphy,  trombone
Kristoffer Håvik,  piano
Arne Martin Nybo, gitar
Mike McCormick, gitar/elektronikk
Alexander Hoholm, bass / komposisjoner

Komposisjonen er støttet av Norsk kulturråd

Fra forsiden

Nyheter

Høringsinnspill til statsbudsjettet 2020

Denne uka er det komitéhøringer i Stortinget om regjeringens forslag til statsbudsjett for 2020. Norsk jazzforum leverte mandag 21. oktober høringsinnspill til familie- og kulturkomiteen og til utenriks- og forsvarskomiteen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev