Nyheter

Håpar det ikkje lét som eit storband

Til OJKOS sin fjerde konsert er det trompetist Lyder Øvreås Røed som er huskomponist. Vi tok ein prat med Lyder på Victoria under den siste øvinga før konserten tysdag 26. februar.

Som unge jazzmusikarar flest er Lyder Øvreås Røed opptatt i ei rekkje ulike prosjekt, mellom anna Slow is the new fast som kom med ei kritikarrost debutplate i fjor og Fieh, som har ei debutplate rett rundt hjørnet.

Det ryktast at det har vore litt hektisk i det siste?

Ja, Fieh har blitt litt aktive i London i det siste. Vi har signa med eit plateselskap der borte som gjer at vi er der ein del. Så til forrige øving (med OJKOS – Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo) flaug eg fram og tilbake på dagen. Men det er jo ganske greit sidan Victoria ligg rett ved Nasjonalteateret stasjon. Lite søvn blir det jo…

OJKOS sette tidleg opp planane for kven som skulle komponere musikk til dei ulike konsertane. 

– Eg sa eigentlig ja før eg skjønte kva det innebar. Då eg gjekk ut frå Victoria etter det møtet tenkte eg “nei, nei, nei…”, og såg dagane i januar, februar forsvinne.. Men så er det jo ei unik moglegheit.  Spesielt for ein som meg som berre har freestyla – eg kan jo ingenting om å kunne skrive for større ensembler. Eg sat meg ned og prøvde meg fram i Sibelius (noteprogram) og skreiv slik eg iallefall likar å høyre ein akkord.

Det meste er ny musikk. Bortsett fra ei låt eg har gjort med Slow Is the new fast (AXL), som ikkje er ny, men har blitt større.

Korleis vil du beskrive sounden?

Hm… Det er vanskeleg å beskrive (lang tenkepause) Eg håpar at det ikkje lét som eit storband. Vi prøvar å spele meir som eit ensemble. Det er ofte utruleg definerte roller i storband. Om du ser ein åttandedel med ein prikk over, så skal den spelast akkurat slik. Eg vil litt vekk frå den formelen. Vi prøvar å blende så mykje som mogleg, ikkje at nødvendigvis rekkene skal skilje seg ut.

Har du spelt noko i storband sjølv?

Ja, det var jo eigentleg slik eg kom inn i jazzen. Spelte i ungdomsstorbandet i Bergen i mange år der eg fekk prøvd meg fram med improvisasjon osv.

Har du nokre inspirasjonar i denne musikken?

Eg har høyrt ein del på musikk medan eg har skrive. Spesielt klassisk musikk, mykje romantikk. Ikkje på eit djupare plan enn at eg får kick av å høyre eit orkester spele ein akkord eller ein romantisk melodi. Men eg trur ein kan høyre det i låtane. Det har eit litt romantisk preg over seg. 

Har du konkrete eksempel?

No er ikkje det romantisk, men Goreckis 3. symfoni refererer eg faktisk direkte til i ei av låtane. Han likar eg godt. Og Wagner, Mahler… Mozart, faktisk. Det er ein del Wienervalsar som lét skikkelig fint. Av jazz er det særleg ting som skjer på den skandinaviske scena. Girls in airports, eit dansk band. Og så er eg jo inspirert av musikarane i OJKOS. Vanlegvis så skriv ein eit verk og finn ensemblet etterpå – her er det littegrann omvendt. Det er det både fordelar og ulemper ved. Eg prøvar å skrive for dei musikarane si personlegheit, men det er fint å pushe dei i nye retningar óg.

Sjølv om besetninga for det meste er den same kvar gong er det nokre nye tilskot no – m.a. Joel Ring på cello og el-bass, Jørgen Mathisen på fele (ikkje saksofonisten).

– Dei to og Alexander Hoholm (kontrabass, journ.anm) utgjer ein strykeseksjon som får skinne tidvis, så kan dei på ein måte “fake” eit miniorkester.

Er alt skrive ut, eller er det mykje opne, frie komposisjonar?

Det meste er skrive. Eg ville prøve å skrive mest mogleg når eg først hadde sjansen. Hadde eg skrive meir opne ting, så hadde nok det vore meir effektivt. Og så likar eg med OJKOS at folka som skriv musikk ikkje nødvendigvis har gått komposisjon. Då lét det litt friskare.

Ja, om det er meir effektivt å nytte alle satsreglane, så ville det låte heilt annleis uansett?

Ja, eg trur det er veldig mykje stemmeskred og paralelle kvintar og slikt. Så om ein er oppteken av slikt bør ein ikkje kome, trur eg…

Ligg det planar om å jobbe vidare med denne musikken – innspeling?

Ja, eg ser på dette som ein prosess. Eg vil jo jobbe vidare med det. Men det er klart – det er mykje logistikk for å få det til med eit slikt orkester. 

Det hadde kanskje hjelpt med honorerte øvingar osv.?

Ja, det er jo eit overordna mål å ha moglegheita til å ha OJKOS som ein liten deltidsjobb. Men det er først og fremst for å kunne halde eit høgt kunstnarisk nivå. Det er litt vittig at det er så omvendt på jazz og klassisk – at klassiske musikarar har lyst å få til ting med mindre besetningar og jazzfolk har lyst å få til større ting…

Når pianist Kristoffer Håvik kjem og minner på tida, spør eg til slutt om Lyder føler seg klar? 

– Vi må øve litt til. Men innan klokka tre er vi klar. 

 

Tekst og foto: Torkjell Hovland

 

Konsert: Victoria Nasjonal jazzscene, tirsdag 26.februar kl 20

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev