Nyhet

Lars Saabye Christensen opnar Vossa Jazz 2019

Forfattar Lars Saabye Christensen kjem til Vossa Jazz med nyskriven tekst for å opna den 46. festivalen. Seinare på kvelden kan du møta Saabye Christensen med bandet Buicken i biblioteket i Voss Kulturhus.

Ein av Noregs mest populære forfattarar kjem til Voss fredag 12. april for å opna den 46. festivalen i Vossasalen. Saabye Christensen debuterte i 1976 med diktsamlinga Historien om Gly og mottok for denne Tarjei Vesaas debutantpris. Han har skrive ei rekkje dikt og skodespel og fleire filmmanuskript, men har først og fremst utmerka seg som novellist og romanforfattar. Gjennombrotet kom med romanen Beatles i 1984 som gav han Cappelenprisen og heider utover Noregs grenser. Andre kjende bøker er Herman og Halvbroren. Han har mellom anna fått Brageprisen og Nordisk råds litteraturpris. Halvbroren er selt i over 200 000 eksemplar og til 22 land. I 2006 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og i 2008 til ridder av den franske Ordenen for kunst og litteratur.

Poesi i tonar og ord
Seinare på kvelden kan du møta Saabye Christensen med Buicken i biblioteket i Voss Kulturhus. Buicken set kurs for Vossa Jazz med poesi på reservetanken og passe mengder rock, blues og jazz i bagasjerommet. Fyrsteplata «Vi priser veiene» kom i november: Eit meistermøte mellom forfattar Lars Saabye Christensen sine lyriske sider og journalist Tom Stalsberg sin skarpe penn, tonesett av eit ambulerande utval av landets beste og mest særeigne musikarar. Til Vossa Jazz tek Christensen og Stalsberg med seg gitarhelten Amund Maarud og felemeistaren Ola Kvernberg. Dette vert ei oppleving for dei litteraturinteresserte så vel som dei musikkglade: poesi i tonar og ord – ærlege forteljingar og unike klangar.

Fra forsiden

Nyhet

Håpar det ikkje lét som eit storband

Til OJKOS sin fjerde konsert er det trompetist Lyder Øvreås Røed som er huskomponist. Vi tok ein prat med Lyder på Victoria under den siste øvinga før konserten tysdag 26. februar.

Nyhet

Ni nye band klare for Jazzfest

Hildegunn Øiseth og Eldbjørg Raknes kommer til Jazzfest i Trondheim med hvert sitt bestillingsverk. Madeleine Peyroux og Beady Belle er blant andre Jazzfest-klare artister.

Meld deg på vårt nyhetsbrev