Nyheter

Disputas med Njål Ølnes

Musikar Njål Ølnes skal 17. mars forsvare i offentleg disputas si avhandling om musikalsk kommunikasjon i eit improviserande jazzband.

Tekst: NMH
foto: Kimm Saatvedt

Ølnes er jazzmusikar og har spurt seg om korleis jazzmusikarar bruker øyrene, og om kva det er dei høyrer og plukkar opp når dei veit at sidemann akkurat no kjem til å sette melodien.
Avhandlinga heiter Frå små teikn til store former. Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi. Den er skrive innanfor hovudområdet oppføringspraksis. Les meir om prosjektet og forskinga til Njål på eigne sider.

Interaktiv pdf og ebok
Avhandlinga ligg føre som ein interaktiv pdf på ca. 400 MB og inneheld tekst, lydfilar og avspelbare audiovisuelle figurar. Dette er første gong ei avhandling ved Norges musikkhøgskole vert levert i dette formatet, og avhandlinga kan hentast opp frå NMH sitt opne arkiv Brage før disputasen. Last ned på PC eller mac og ta med datamaskinen på disputasen, men hugs at ein må bruke Adobe Acrobat Reader for å få tilgang til alt materiale i fila. Programmet kan hentast gratis her.

Det vil ikkje komme ein trykt versjon. I staden ligg det nå føre to ebok-versjonar. Den eine, ein lettare ebok-versjon av avhandlinga, har ikkje lyd- og videofiler men kan lesast på Android nettbrett i til dømes appen Play Bøker. Den andre, på 174 MB, har lyd og videofilane intakt, og passar godt til ipad med appen iBooks.

Torsdag 17. mars kl. 12.00 – 16.00
Levinsalen, Norges musikkhøgskole

Bedømmingskomite:
Professor Per Anders Nilsson, Göteborgs universitet (1. opponent)
Professor Hans Weisethaunet, Universitetet i Oslo (2. opponent)
Førsteamanuensis Gjertrud Pedersen, Norges musikkhøgskole

Avhandling og disputas er på norsk, og rektor Peter Tornquist vil leie disputasen.

Kl. 10.15, same dag og same stad, held Ølnes ein prøveforelesing over eit oppgitt emne, sjå eige arrangement.

Fra forsiden

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Nyhet

Bestillingsverk fra Krogstad

Saksofonist Mona Krogstad vil formidle håp og ettertanke i bestillingsverket Serenity Now på Kongsberg Jazzfestival lørdag 6. juli.

Meld deg på vårt nyhetsbrev