Nyheter

Jarle Bernhoft til Vossa Jazz og Nattjazz

Bernhoft er aktuell med ny musikk og nytt band, og i 2016 er han også tilbake på festivalscena på Voss og i Bergen.

– Det er rett og slett kjekt å sleppa ein slik gladsak i fellesskap med Vossa Jazz. Sidan Jarle Bernhoft første gong stod på Nattjazz-scenen i 1999 har han vorte folkeeige både heime og ute. Det kjennes heilt rett at vårt første artistslepp er ein artist med stort hjarte og engasjement for fellesskap og menneskeverd, seier festivalsjef for Nattjazz, Jon Skjerdal.

Jarle Bernhoft har vore gjennom ei fascinerande forvandling sidan han for alvor slo gjennom som soloartist i 2008, og har hatt eventyrleg suksess dei siste åra. I 2011 tok han med seg heim fleire av de gjevaste Spellemann-prisane, mens han berre eit par år seinare vart Grammy-nominert for tredjeplata «Islander». No er Bernhoft igjen aktuell med nytt materiale, og slapp for nokre veker sidan den friske singelen «Everyone’s a Stranger». Låta syner den allsidige musikaren frå ei ny og spannande side, men rykta seier også at meir ny musikk er på veg. I tillegg har han sett saman det heilt nye livebandet, The Fashion Bruises, som består av eit stjernelag av norske musikarar.

– Jarle Bernhoft er ein utruleg vokalist, låtskrivar og entertainer og eg gler meg veldig til å høyra han og bandet. Å få ein slik artist med nytt superband på festivalprogrammet vert jo som at jola faktisk varer til påske. Og vel så det, seier festivalsjef for Vossa Jazz, Trude Storheim.

Fenomenet Jarle Bernhoft er ein artist som må opplevast live. Og no får ein endeleg moglegheit til å sjå han på scena med fullt band igjen, når Bernhoft & The Fashion Bruises spelar på Vossa Jazz, søndag 20. mars, og på Nattjazz i Bergen, fredag 27. mai. Billettar til begge konsertane er i sal no via festivalanes respektive nettsider og hos TicketCo.

pressemelding: Nattjazz

Fra forsiden

Nyheter

Jazz- og samtidsmusikken møtte kulturministeren

Representanter fra Norsk komponistforening, nyMusikk, Norsk jazzforum og de store jazz- og samtidsensemblene la fram behovet for en landsdekkende satsing på store musikkensembler under et møte med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i Regjeringskvartalet mandag 22. juni.

Now's the time

NTT: Digget i regnet

Kåre & the Cavemen vender tilbake til “Long Day’s Flight Till Tomorrow” og vi byr på stort intervju, Ellen Andrea Wang om kontrabass i britisk folk, Karl Seglem om Oljebergets custom-horn og en hyllest til å gå på festival på regntunge dager.

Meld deg på vårt nyhetsbrev