Nyheter

Verdas einaste ismusikkfestival feirar 10 år

På torsdag opnar den unike vinterfestivalen Ice Music Festival på Geilo som i år fyller ti år. Festivalen melder om rekordhøgt billettsal og feirar jubileet med ekstra festivaldag, verdskjente artistar og tingingsverk.

Ice Music festival lover fire dagar med magisk ismusikk 5. – 9. februar. Nett som instrumenta det speles på, er arenaene for musikk, skulpturar, dans og utstillingar bygd av snø og is henta frå nærområdet. På programmet står mellom anna besøk av den særs anerkjente artisten Mamadou Diabete frå Burkina Faso, som skal spele på isballofon, og framføring av tingingsverket Smeltevatn, der jazz møter elektronika og folkemusikk.

– Regn blir is blir musikk blir vatn – blir til is. Ice Music Festival handlar om det som oppstår når naturen set premissane. Om utøverne si jakt på det uforutsigbare og hittil uhøyrde. Om utforsking av nye klangar og instrument, om lydane som oppstår der og då. Som aldri kan skapast på nytt. Den handlar om magien i augneblinkane, før tonane smeltar og går attende til jorda, seier festivalgründer Terje Isungset, som også gjev ut ny plate under årets festival.

Eirik Glambek Bøe opnar det nye Ice Club Consept, med Kings of Convenience låtar på isbass, istrompet, istrommer og isgitar. Det blir føredrag om isen i Arktis og familieframsyning med pingvinen Mr. Ping. Ismusikk frå Island, kunst på is av festivalkunstnar Oddbjørg Reinton, og kunst av is frå Tallin. På den årvisse fullmånekonserten er det denne gongen ein spesialbygd arena som ein må gå på ski for å komme til. Spektakulær lyssetting og strålande måne er med på å bringe konserten med Terje Isungset i samspel Lena Nymark og Jan Bang endå nærare stjernehimmelen.

Årets instrument
Årets instrument er isbassis, som blir spela på for fyrste gong av Anders Jormin under Icelandic Ice Sessions med Trio Mediæval. Prosessen frå artistane kjem til dei spelar på sitt første isinstrument, er like spennande og gripande for musikarane som konsertopplevingane er for publikum.
Artistane på Ice Music Festival kjem frå mange land og nokre får sitt livs fyrste møte med snø og is på Geilo. Instrumenta dei speler på, blir lagd av den anerkjente amerikanske  iskunstnaren Bill Covitz  ei knapp veke før konsertane. Når det blir endringar i ver og temperatur, skiftar isinstrumenta klang. Alt utøvarane kan om ei konvensjonell harpe, gitar eller tuba, gjeldt difor ikkje her. Det er det som er magien og som knyt musikarane saman: Dei er alle opne for det leikne og uventa, og ynskjer å spele på lag med naturen.

Bitande fersk isplate
Det blir eit unikt plateslepp under tiårsjubileet til Ice Music Festival, der Terje Isungset gjev ut albumet Meditations. Korleis høyrest hundre år gamal is frå Sydpolens senter eigentleg ut?  Er klangen annleis enn fem hundre år gamal is frå Spitsbergen? Kan ein fornemme tonane frå ein sju hundre år gamal bre i dei italienske Alpane? Is frå alle verdas hjørner er g-nøkkelen på Isungset si nyaste plate, som utforskar dei kalde tonane i kretsløp, klima og menneske i rørt og urørt natur.
Meditations er spela inn over fire år, og dei fleste av opptaka er gjort i det landet isen høyrar heime, då temperaturane var på sitt mest ugjestmilde. Jo kaldare isen er, jo betre blir også klangen. Under innspelinga ved Hudson Bay Company i Canada kraup kvikksølvet ned til 38 minusgrader. Det er kaldt. Veldig kaldt.

I 2002 gav Isungset ut verdas fyrste plate med ismusikk. I dag har All Ice Records sju utgjevingar bak seg. Terje Isungset er rekna som ein av Europas mest anerkjente og innovative perkusjonistar. I over to tiår har han eksperimentert og tøygd grensene innanfor jazz og skandinavisk musikk, ved å skape sine eigne instrument frå naturmateriale.  Mediations er Terje Isungset sitt største kunstnariske krafttak til nå, og byr på ei unik musikalsk reise.

På albumet Meditations møtast verdas is til musikalsk energi gjennom Isungset sine ishorn, isperkusjon, isofon og istrommer, i samspel med Arve Henriksen sine trompetar, Lena Nymark sin vokal og Svante Henrysson sin iscello. Is frå kanadisk ferskvatn og saltvatn, frå tusen år gamle Svartisen og Nigardsbreen, og massive isfjell i Upernavik på Grønland. Anders Jormin toneset isen på kontrabass, medan Mats Elden stryk dei varsamt fram på fiolin. Is frå Geilo, Kirkenes og Lillehammer smeltar saman med kald materie frå Jukkasjarvi, Sibir og dei franske pyrineane, medan unike arkivopptak av kanadiske inuittar og norske samar skrur isborret endå lengre ned i den historiske isen. Reidar Skår bind det heile saman med  tangentar og programmering. Resultatet er eksotisk og poetisk.

pressemelding: Ice Music Festival
pressefoto: Emile Holba

 

Fra forsiden

Nyhet

Makeløs 10-årsmarkering av Large Unit

Paal Nilssen-Love inviterer med seg gjester fra tre kontinenter når Large Unit i mars markerer ti år med en gigantisk fest over tre dager på Nasjonal jazzscene.

Now's the time

NTT: Subversive vibrasjoner

Heidi Kvelvane er tilbake fra Large Unit-tur i Etiopia og spiller trekkspill, Kjetil Jerve starter distroselskap og spiller med Akmee og Ebers er aktuell på alle kanter.

Meld deg på vårt nyhetsbrev