Nyhet

Jovial godmusikk

I 20 år har NORCD levert jazz med kvalitetsgaranti, og dei gjer ingen unntak denne gongen med Hullyboos «Bønner og flesk».

TEKST: PER INGE HOVE
FOTO: NORCD

Namnet Hullyboo kan gje dramatiske assosiasjonar – Hullabaloo betyr demonstrasjon og opprør. Det er ikkje noko revolusjonerande over dette albumet, det manar heller ikkje til opprør, men det er utan tvil ein demonstrasjon i jovial godmusikk! Bjørnar Kaldefoss Tveit (bass), Mats Mæland Jensen (trommer) og Marius Hirth Klovning (gitar/lapsteel) er alle mellom dei mest spennande jazzmusikarane Norge har å by på for framtida. Trioen har allereie fått mykje merksemd i både inn- og utland, mellom anna då dei vann Nattjazz sin konkurranse «Jazz i sikte» i 2010.

Ei plate som heiter «Bønner og flesk», med ei opningslåt som heiter Spaghetti, spelt av ein kar på lapsteel, høyres mistenkeleg westernaktig ut – med rette. Opningslåta, Spaghetti, høyres ut som musikken til ein westernfilm med Taratino´iske undertonar. Men det er heller ikkje det fulle biletet: Hullyboo, med eit knippe gjestemusikantar, byr på variert spel. Texas gjev assosiasjonar til å sitje på ein buss som køyrer gjennom byen ein kveld i haustregnet. Deretter fylgjer det gladgospel-gåsehud i Lorvekonge og Hawaii-takter i Søndag. Ladestien kunne likegjerne vore signert Pat Metheny, og til slutt byd bandet opp til ein gnistrande god vals – Vals i Stockholm! Variert, med andre ord.

Det er ikkje lett å setje fingeren på kva denne musikken eigentleg er. Den er avslappa, cool og godt spelt, javel, men er det jazz? Det er i allefall tre jazzmusikarar som spelar usedvanleg melodiskharmonisk og fin musikk! Såleis har også albumet ein klar og fin profil, uansett kva sjanger dei sveiar innom. Jamnt over er musikken lågmælt og lun, noko som også skapar ein fin kontrast til dei meir livlege låtane. Skulle meldaren like fullt ha noko å utsetja på albumet, så må det vera at ein kunne ynskje seg meir av det siste.

Alt i alt vert dette som småplukk å rekne, for Hullyboo har stått for ei tvers igjennom triveleg utgjeving!

 

Fra forsiden

Nyheter

Lite musikk i kulturbudsjettet

Kultur- og likestillingsdepartementet melder om rekordstort kulturbudsjett, men for musikkfeltet er realiteten en annen. – Vi savner konkrete tiltak og styrking av det frie musikkfeltet, sier daglig leder i Norsk jazzforum, Gry Bråtømyr.

Now's the time

NTT: På tide å trekke inn

Hans Kjorstad går solo, Åsne Fossmark går pop, Jørgen Fiske er månebedotten, Elisteinar Tenga finner svingen i stillheten, Joakim Rainer leder mot fri resonans.

Meld deg på vårt nyhetsbrev