Nyhet

Mathias Eick er årets tingingsverk komponist Vossa Jazz 2011

Ein kan stilla seg store forventningar når årets tingingsverk blir ført i pennen av trompetist Mathias Eick.

– Eg er først og fremst utruleg beæra over å få tildelt oppdraget. Det har i mange år vore min yndlingsfestival, både grunna musikken, menneska, staden og skiforholda! Verket har framleis det lyriske fokuset med melodilinjer og individuelle soloar, men lydbildet er eit anna, seier Eick.

Verket han lagar er eit steg inn i den elektroniske verda. Musikken hans har opptil no vore relativt akustisk orientert og med førespurnaden frå Vossa Jazz såg han ein gylden sjanse til å utforska eit nytt univers, seier Dagleg leiar Trude Storheim.

Sidan starten med Jaga Jazzist på slutten av nittitalet, har han spelt med eit allsidig utval artistar som Chick Corea, Motorpsycho, Manu Katché, Trygve Seim, Turboneger, Iro Haarla og i det kritikarroste bandet Motif.  Med sistnemnte vart han tildelt prisen ” Young Nordic Jazz Comets” i 2001 og vann året etter BBC’s Jazz Award for beste jazzalbum saman med Jaga Jazzist. I 2007 vart Eick tildelt den prestisjetunge prisen ”International Jazz Talent” av International Jazz Festivals Organisation i New York. Han vart òg tildelt Bylarm- stipendet i 2009. Debutalbumet «The door» vart nominert til Spellemannsprisen for beste jazzalbum i 2008. Han er i gang med album nummer to i desse dagar, også dette på ECM.

– Det er med glede og spenning eg og bandet ser fram til å framføra verket på Vossa Jazz 2011, fortset Eick. Besetninga i Mathias Eick Quintet med Andreas Ulvo (piano), Torstein Lofthus og Gard Nilssen (trommer), og Audun Erlien (bass) er for anledningen utvida med Morten Quenild og ein stryketrio.

Les mer om Vossa Jazz her.

Fra forsiden

Nyhet

Sparebank-midler til Sildajazz

Sildajazz er tildelt 800 000 kroner fra Sparebanken Norge og Agenda Vestlandet til videre utvikling av festivalen i 2026. - En tydelig tillitserklæring, sier styreleder Karina J. Thune. Med midlene satser festivalen videre på frivillighet, lavterskeltilbud og bærekraftige løsninger.

Now's the time

NTT: Å høre sammen som frijazz og punkrock

Zakarias Meyer Øverli slipper ballade om sin kone, og vi gir henne tilsvarsrett, brevkurs om hvorfor frijazz er punkrockens gudmor, livenotater fra konsert med Gisle Johansen, kulturskribent raser over nasjonalsanger med forsanger og Ukas Iggy.

Meld deg på vårt nyhetsbrev