Krokofant Krokofant III

Plateanmeldelse

Stor kunst med små riff

"Krokofant III"
Krokofant
Rune Grammofon

PLATE: Krokofant slår til igjen med brutal, barnslig gla-prog.

Av: Olav Opsvik

21.03.2017 Skriv kommentar

Riffbasert gitarrock har ikkje den plassen i rampelyset den ein gang hadde. Dei dystre og harde riffa til Krokofant gir soleis dei fleste ei ganske datert assosiasjonsrekkje frå prog- og jazzrockens stordomstid på 70-talet. Det er dei neppe skjemde over, og dei gjer heller ikkje på nokon måte skam på arva.
Artistar som meistrar eit solid riff har alltid fascinert meg, og det burde i alle fall vere ei høgt respektert kunstform. Landskapet og kombinasjonane rundt ein moll-pentatonskala er avgrensa, men med små, rytmiske og tematiske justeringar klarar nokre å lage riff som kan vere latterleg enkle og latterleg medrivande samtidig, og som kan gå i det uendelege utan at ein vert lei.

Krokofant lagar slike riff. Og i tillegg kan dei ride over desse riffa som få andre, med nesten komisk heftige gitarsoloar frå Tom Hasslan, valdsame og inderlege sax-kor frå Jørgen Mathisen og ein trommeslagar med ein kondis og eksplosivitet som Martin Johnsrud Sundby. Trommeslagar Axel Skalstad har i tillegg til dette eit overskot og ein kreativitet til å ta uventa vendigar og innslag som aldri sluttar å fascinere.
Resultat av alt dette er ei lyttoppleving fylt av ei barnslig glede lite anna kan gi deg, og dei som har opplevd Krokofant live veit nok kva eg snakkar om. Samspelet på Krokofant III har ein enorm nerve og intensitet, og står seg heilt fint opp mot liveopplevinga.

I tillegg er dei 5 spora fylt med komposisjonar og riff som balanserer mellom svette og beintøffe, djupe dalar og nærast vittige og naive små tema. At Mathisen også stiller på synth står ikkje i vegen for råskapen eller sjangertolkinga, om noko slikt skulle ha ei særskild betydning.
Men Krokofant er ikkje konservativ, stilorientert gruppe. Styrka ligg i å søke etter det fundamentale i rocken og herje vilt med dei parametra. Då vert det uredde, overraskande riff og ei lang rekkje, fullstendig omsynslause ublåsningar som tek pusten frå deg. Dette er stor kunst.

Olav Opsvik

Skriv kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode