Yilian Cañizares - Oslo World Music Festival, Nasjonal jazzscene, 04.11.16 cover
Yilian Cañizares - Oslo World Music Festival, Nasjonal jazzscene, 04.11.16

FESTIVAL: Yilian Cañizares og hennar kvintett leverte eit tettpakka og nøye regissert show på Nasjonal Jazzscene.

Noko av det beste med Oslo World Music Festival er at fleire av dei viktigaste konsertstadane i byen får eit hakket meir spennande program i festivalveka. Også i år er Nasjonal jazzscene på Victoria ein del av dette samarbeidet. Programmet på Victoria er vanlegvis både variert og av svært høg kvalitet, men også her, som dei aller fleste andre stadar, er det Vest-Europa eller USA som dominerer.

For oss som er stamgjestar er det gøy å gå dit å høyre på artistar ein knapt kjenner til. Sjølv om eg hadde lytta litt til platene til Yilian Cañizares i forkant visste eg ikkje så mykje om kva eg skulle forvente. Det første eg oppdaga var at den kubanske sangaren og fiolinisten og hennar kvintett har sansen for dramaturgi og regi. Difor byrja dei konserten med ein solo frå bassist David Brito, før resten av gruppa gjekk på etter tur: Perkusjonist Inor Sotolongo, trommeslagar Cyril Regamey og pianist Daniel Stawinski.
Etter at dei verkeleg hadde kome i gang med eit heftig, latinamerikansk komp og jazza harmoniar kunne hovudpersonen entre scena i ein knallgul kjole – ein tydeleg kontrast til dei andre i mørke skjorter.
Saken fortsetter under bildet.
yilian-canizares_foto-olav-opsvik_nett
Med andre ord var lite tilfeldig her. Derifrå fekk vi oppleve ein nøye planlagt effekt, med effektive spenningskurver og ein god balanse mellom heftige instrumentalprestasjonar, vakker sang, dansbare rytmer og sarte melodiar. Der var lite å utsetje på bandet: Tighte markeringar, heftige grooves og eit svært solid komp for Cañizares, som i all hovudsak heldt på solistrolla.
Måten ho veksla mellom virtuose fiolinkor og dramatisk sangformidling var imponerande. Høgdepunktet for hennar del var kanskje Yoruba-sangen «Beroni abebe osun», som sklei rett over i det heftige temaet i «Laïla», nett slik som det er på albumet Invocación.. Vakre arrangement og melodiar som blei formidla med stort, smittande engasjement, og ikkje minst er det ein svært effektiv bruk av kontrastar.

Dei andre fekk også si tildelte tid med soloparti, og særskild pianist Stawinski fekk skinne og presse intensiteten til nye høgder eit par gangar, og perkusjonistane fekk eit typisk trommekamp-segment mot slutten. Men i regelen var improvisasjonspartia ganske avgrensa og tydeleg planlagt med omsyn til perioder i musikken. Det er eit legitimt val, og dette var eit nye tima show meir enn ein jazzkonsert med fokus på improvisasjon og jamming, og med eit vellukka publikumsfrieri mot slutten der Cañizares til og med fekk stive nordmenn opp for å danse var det komplett.

Men eg klarar likevel ikkje å legge heilt vekk tanken på at litt meir spelerom for kvar einskild musikar ville tatt det heile til større høgder.
Likevel har nok Cañizares, med høg kvalitet og brei appell, hausta ei ny fanskare i Oslo med dei fleste som var tilstades i eit fullsett Victoria teater denne kvelden. Neste års jazzfestivalar har berre ein ting å gjere.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev