21. juli 2024

Pandemic Solution
Afterdog

Om utgivelsen

Studio: 3.-4. januar 2024, Fosnavåg Konserthus
Sleppedato: 21. juli 2024
Plateselskap: Blåmann Records
Katalognummer: BLMRC704
Medvirkande:
Norvald Dahl – piano/komposisjon/bandleder
Ingebrigt Håker Flaten – kontrabass
Håkon Mjåset Johansen – trommer
Lydopptak av Tobias Sævik Torvholm
Miksing av Audun Waage
Mastering av George Tanderø

Med ´Afterdog´ samlar pianist og komponist Norvald Dahl (f.1978) eit norsk stjernelag for ein solid trio debut!

Dahl har dei siste 15 åra vore ein aktiv freelancemusiker og har leia ei rekkje spennande prosjekt både av nasjonal og internasjonal karakter, med musikarar frå både Noreg, Sverige, England, USA, Spania, Tyskland, Polen, Ukraina, og Irland. I løpet av mastergradsprogrammet ved Norges Musikkhøyskole gjekk han i studio og spelte inn sitt debutalbum med den amerikanske stjernesaksofonisten Jon Irabagon og den prisbeløna bassisten Mats Eilertsen. Albumet heiter «Organic Chamber» (AMP records 2018) og fekk fin omtale i pressa. Dahl tok så steget ut og starta sitt eige plateselskap; Blåmann Records, og har gitt ut fylgjande album: «Flying High» – solo piano, «Flying High collage» – ein remix/collage av Inge W. Breistein, og «The Vision» -duo album med den amerikanske trommeslageren Colin Stranahan.

I 2020, under pandemien, ynskja Dahl å sette saman eit nytt prosjekt, og inviterte sitt personlege «drømmelag» til konsert i Fosnavåg Konserthus, ein trio han kalla «Pandemic Solution»!
Bassist Ingebrigt Håker Flaten og trommeslager Håkon Mjåset Johansen har turnért saman med mange av dei store innan jazzen; Chick Corea, Michael Brecker, Mark Turner, Tony Malaby, Jan Garbarek, Arild Andersen og mange fleire!
Dei er vel kjende gjennom grupper som til dømes Atomic, The Thing, Motif, Come Shine, Urban Connection, IHF Chicago Quintet/Sextet og The Young Mothers.

Etter ein vellukka norgesturné i 2022 bestemte Pandemic Solution seg for å sikte seg inn mot ei plateinnspeling, og i januar 2024 stod dei klare i Fosnavåg Konserthus for å spele inn 8 komposisjonar signert Dahl. Opptaket er gjort i «old school» stil, der bandet står rigga tett saman på scena, utan veggar og separate rom, derav ingen moglegheit for overdubs eller etter-korrigering. Kva vi får høyre er rått og upolert, lyden av eit ekte Live-band!

Blåmann Records siktar mot å levere lyd i ypperste klasse, med Steinway mod. D og ´Meyer Sound constellation acoustic system´ i Fosnavåg Konserthus. Dei tidlegare utgivelsane har fått merksemd i Hifi-miljøet og blir brukt som gode referanseinnspelingar.

Vi håper de set pris på ´Afterdog´, ein etterlegta, om ikkje alt for sein trio-debut av pianist Norvald Dahl.
Pandemic Solution leverer frisk og energisk norsk jazz, med originale komposisjonar og ein «smittsam speleglede». Musikken er inspirert av både amerikansk og nordisk jazz og komposjonane har stort spenn, alt ifrå rufsete 60-tals preg til moderne klangspråk og lyriske melodiar. Bandet har plateslepp på Vigelandmuseet i juni og satsar på ny turné til våren.

Musikere

Norvald Dahl - Piano/komposisjon/bandleder
Ingebrigt Håker Flaten - Bass
Håkon Mjåset Johansen - Trommer

Lenker

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Panikk i gavedisken

Gjør gaveinnspurten lettere med vår store spesial, hvor Jazznytts skribenter kommer med sine tips fra jazzen og omegnen!

Nyhet

Halvannen million til Nordnorsk Jazzensemble

Nordnorsk Jazzensemble er tildelt 1,5 millioner kroner fra Samfunnsløftet, Sparebank1 Nord-Norge. - Dette gjør at vi nå kan utvikle nye prosjekter, sier en svært glad daglig leder i Nordnorsk jazzsenter, Ulla-Stina Wiland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev