Lørdag 28. mar 2026 kl. 15:00

VILDEBJØNNS SELSKAP

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Vildebjønns Selskap er ein visetrio som spelar sjølvlaga musikk på norsk. Trioen følgjer i spora etter visetradisjonen frå 70-talet, men med eit talenært språk og element av jazz i form av skeive og vekslande taktarter, og overraskande akkordskjema.

Medlemmane i trioen er Ingeborg Fjørtoft, Åsmund Erichsen og Erling Wold. All musikken er sjølvkomponert og all tekst er sjølvskriven.

Sidan trioen byrja å spele saman i januar 2024, har dei spelt jamlege konsertar i tillegg til å ha spelt på festivalar som Kongsberg Jazzfestival, Serendip og Ljøsblått.

Trioen utgjer ein stor del av Hersleb Visekollektiv som arrangerer månadlege, stappfulle visekveldar med føremål om å gjere den veksande visescena tilgjengeleg for alle som vil høyre.

Ingeborg Fjørtoft – vokal
Erling Wold – gitar, bouzouki, vokal
Åsmund Erichsen – gitar, mandolin, vokal

Foto: Antonios Dimitracopoulos

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev