Lørdag 19. okt 2019 kl. 20:00

Trio de Janeiro

Stord Jazzklubb / Grand Hotell
Stord

Stord Jazzklubb inviterer til gjenhøyr med Trio de Janeiro og deira fengjande brasilianske, rytmar laurdag 19. oktober.

Orkesterleiaren Tom Lund stifta Trio de Janeiro i januar 1988, med originalbesetning
Anne-Marie Giørtz, vokal/perc., Sveinung Hovensjø, bassgitar og Tom Lund, gitar/arr. Bandet er utvida med saxofonist Tor Yttredal og Stein Inge Brækhus på trommer/perkusjon.

Trio de Janeiro er først og fremst eit glimrande live-band, som med sin særeigne, slentrande eleganse søkjer å formidla eggjande, brasilianske rytmar.
Når Trio de Janeiro entrar scenen, kan publikum gle seg til ein humørfylt konsert framført av særs dyktige musikarar som evnar å formidla latinamerikansk varme på sjølv dei kaldaste norske haustdagar.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev