Lørdag 13. apr 2019 kl. 12:00

Sudan Dudan

Vossa Jazz / Finnesloftet
Voss

Norsk folkemusikk og visekunst ispedd americana og ei teskei salmesong – uttrykt i ei skjør og vakker akustisk toneverd med gitar, munnharpe, langeleik, hardingfele, harmonium og tostemt vokal: Dette er suksessoppskrifta til duoen Sudan Dudan! Anders Røine og Marit Karlberg fekk mykje merksemd og ein stor tilhengjarskare med det kritikarroste albumet Inntil idag (2013). Med den etterlengta (og Folkelarmpris-vinnande) oppfølgaren Heimen der ute gjekk duoen tilbake til røtene, og spelte inn musikken i ei fjellkyrkje i Telemark.

Marit Karlberg – vokal, langeleik
Anders Erik Røine – vokal, gitar, munnharpe

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev