Lørdag 05. feb 2022 kl. 20:00

Steinar Raknes /Unni Vilhelmsen

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er artistar med sterkt særpreg, kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. Stemmene deira passar kvarandre perfekt, og dei har utvikla eit intuitivt og sterkt samspel. Innramma av Raknes sin ́ akustisk/elektriske kontrabass-sound blir konsertane vakre, unike, morosame og spennande.
Raknes og Wilhelmsen har samarbeidd før, i samband med Raknes sitt prosjekt STILLHOUSE – kor han syng og spelar kontrabass. Kontrabass er det einaste instrumentet på scena. Men Raknes spelar instrumentet som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil kor han bruker fingerspel-teknikkar som gjer at instrumentet fungerer både som gitar og bass. I tillegg tar han i bruk elektriske gitareffektar og looping av både bass og stemmer. Dette er ein konsert som varierer mellom det nære, intime og akustiske, til store lydbilder med fullt rocke-trøkk.
Repertoaret er hovudsakeleg låtar skrivne av Raknes, frå dei fire utgjevingane i STILLHOUSE-serien hans, med hovudvekt på dei siste platene Chasing The Real Things (2018) og On The Road (2020). I tillegg presenterer dei fengande og særeigne coverversjonar av artister som Bruce Springsteen, Bob Dylan, og Depeche Mode.
Steinar Raknes- bass,vokal
Unni Wilhelmsen -vokal

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev