Fredag 22. sep 2023 kl. 19:00

Steinar Raknes STILLHOUSE med Unni Wilhelmsen – Stord Jazzfest

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Steinar Raknes STILLHOUSE med Unni Wilhelmsen – på Stord Jazzfest 2023 – 22.sept.
Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er artistar med eit sterkt særpreg. Kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. Stemmene deira passar kvarandre perfekt, og dei to har utvikla eit intuitivt og sterkt samspel. Innramma av Raknes sin akustisk/elektriske kontrabass-sound blir konsertane vakre, unike, morosame og spennande.
Raknes og Wilhelmsen har samarbeidd før, i samband med Raknes sitt prosjekt STILLHOUSE – der han syng og spelar kontrabass. Kontrabass er det einaste instrumentet på scenen. Men Raknes spelar instrumentet som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han nyttar fingerspel-teknikkar som gjer at instrumentet fungerer både som ein gitar og ein bass. I tillegg tek han i bruk elektriske gitar-effekter og looping av både bass og stemmer. Dette er ein konsert som varierer mellom det nære, intime og akustiske, – til store lydbilde med fullt rocke-trøkk.
Repertoaret er hovudsakleg låtar skrive av Raknes, frå hans fire album i STILLHOUSE-serien, med hovudvekt på dei siste platene Chasing The Real Things (2018) og On The Road (2020). I tillegg presenterer dei fengjande og særeigne cover-versjonar av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan og Depeche Mode.
https://www.youtube.com/watch?v=vNwSNYyYKm

Steinar Raknes – bass
Unni Wilhelmsen – song

https://www.youtube.com/watch?v=vNwSNYyYKm

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev