Lørdag 13. apr 2019 kl. 15:00

Steinar raknes STILLHOUSE

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Kontrabassist, vokalist og låtskrivar Steinar Raknes har turnert verda rundt som jazzmusikar, i samspel med mellom andre Ola Kvernberg Trio, Tore Brunborg, The Core, Trondheim Jazzorkester og Chick Corea. Med prosjektet STILLHOUSE har han tatt med seg jazzbakgrunnen sin inn i americana-sjangeren, der blues, country og roots er hovudingrediensane.

STILLHOUSE-eventyret byrja med ei uventa oppdaging: I vaksen alder fann den røynde kontrabassisten plutseleg ut at han kunne syngja! Og det var ikkje ein kva slag som helst stemme som gøymde seg i strupen på romsdølen, men ei varm, grovkorna og kjenslefull røyst, med hint av Bruce Springsteen, Tom Waits og Jonas Fjeld. Stemma og kontrabassen har vore den raude tråden i dei tre STILLHOUSE-utgjevingane som innheld både eigne komposisjonar og overraskande coverversjonar av mellom andre Prince, Depeche Mode, John Prine og Bob Dylan.

På den kritikarroste sisteplata Chasing The Real Things (2018) har han med seg eit stjernelag av gjesteartistar: Ane Brun, Unni Wilhelmsen, Solveig Slettahjell, Kjetil Møster og den røynde munnspelaren Mickey Raphael. Til Vossa Jazz tek han med seg Wilhelmsen og eit knippe fantastiske musikarar frå den norske jazzverda til det som garantert vert ei støvete, groovy og rå konsertoppleving!

Steinar Raknes – kontrabass, vokal
Unni Wilhelmsen – vokal
Paolo Vinaccia – trommer
Even Helte Hermansen – gitar
Erlend Slettevoll – tangentar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev