Søndag 28. mar 2021 kl. 18:45

Solveig: .. peer aspera ad astra

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Ein teaterkonsert og eit musikalsk eventyr, ei framsyning som utfordrar Ibsen!
Solveig var nemleg ikkje ei passiv kvinne som berre sat årevis og venta på sin kjære Peer Gynt. Ho var eit fyrverkeri!
Hundre og femtito år etter premièren på “Peer Gynt” er det på tide at Solveig får fortelja sin versjon rundt kva som eigentleg skjedde. Difor samla Heidi Ruud Ellingsen eit stjernelag med Rolf Kristian Larsen som dramatikar, Erlend Skomsvoll som komponist, Ulrikke Døvigen som skodespelar og Margrethe Aaby som produsent. Saman har dei laga den musikalske framsyninga Solveig: .. peer aspera ad astra, om Solveig si reise frå jordhytta til stjernene, og ned igjen.

“Bak den kompliserte tittelen «Solveig: .. peer aspera ad astra» skjulte det seg ein veritabel fest av ei framsyning, med ei spektakulært god Heidi Ruud Ellingsen som Peer Gynts Solveig.” – Jan Zahl i scenekunst.no i 2019

Erlend Skomsvoll – tangentar
Birger Mistereggen – perkusjon
Håvard Stubø – gitarar
Elisabeth Lid Trøen – saksofon
Ulrikke Døvingen – skodespel, vokal
Heidi Ruud Ellingsen – skodespel, vokal

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev