Torsdag 03. feb 2022 kl. 20:00

Skarbø Skulekorps

Skarbø Skulekorps / Bergen Kjøtt
Bergen

Eksklusiv konsert med Skarbø Skulekorps!

Etter ein aktiv haust, med korpsturar i både inn- og utland, ser våren plutselig litt meir usikker ut. Men alle som har spelt i korps, veit at ein ikkje lar seg stoppe så lett, enten det er stiv kuling, for små sko, eller pandemi.

Denne kvelden spelar Skarbø Skulekorps ein eksklusiv konsert i dei flotte lokala på Bergen Kjøtt. Kun 30 billettar vert lagt ut for sal.

Møt opp og opplev sammensuriet av energi, sjangersnubling og innadvendt humor som kun Skarbø Skulekorps kan gi deg!

Med: Eirik Hegdal (C Melody sax, klarinett, vibrafon), Signe Emmeluth (altsax, elektronikk), Stian Omenås (trompet, synth, perkusjon), Erik Johannessen (trombone, elektronikk), Ivar Grydeland (pedal steel, gitar), Chris Holm (bass, synth), Øyvind Skarbø (trommer), Hans-Olav Molde (lyd).

Konserten blir filma. Baren er open.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev