Lørdag 12. okt 2019 kl. 22:30

Siril Malmedal Hauge

Jølster Jazzklubb / Thon Hotel, Jølster
Skei i Jølster

Siril Malmedal Hauge er ei svært spennande stemme på den norske scena. Ho er ein etterspurd og allsidig vokalist og er aktiv i ei rekke prosjekt både som vokalist og instrumentalist. Ho vitja Jølster Jazzklubb i 2016 med si tolking av Joni Mitchell, og konserten fekk ståande ovasjonar.
Siril evnar å tilpasse seg dei instrumentalistiske settingane, som formidlar av både ord og melodi. Hennar nye prosjektet «Uncharted Territory» kom ut tidlegare i 2019 på plateselskapet Jazzland Recordings, til strålande kritikkar. Albumet er ein perfekt blanding av popenergi og tilgjengeleg jazz i ein «singer-songwriter»-tradisjon som brusar av melodisk friskheit. Her er mange ulike stemningar, variasjonar av lys og skugge, men likevel ligg det ein grunntone av noko positivt i kvar einaste song.

Siril Malmedal Hauge – vokal og strengeinstrument.
Martin Myhre Olsen − saksofonar
Torgeir Hovden Standal – gitarar
Kjetil André Mulelid − piano
Martin Morland – bass
Øystein Aarnes Vik − trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev